Richard Starkey (fødd 7. juli 1940), betre kjend under artistnamnet Ringo Starr, er ein engelsk trommeslagar, songar, låtskrivar og skodespelar som vart verdskjend som trommeslagar i the Beatles. På dei fleste albuma til bandet song han solovokal på ein song, inkludert «With a Little Help from My Friends», «Yellow Submarine» og versjonen deira av «Act Naturally». Han skreiv òg Beatles-songane «Don't Pass Me By» og «Octopus's Garden», og er med som medlåtskrivar på andre, som «What Goes On» og «Flying».

Ringo Starr

Ringo Starr i 2007
Fødd7. juli 1940 (84 år)
Liverpool i England
FødestadLiverpool, Welsh Streets, Liverpool
FødenamnRichard Starkey
AliasRingo
OpphavStorbritannia
Aktiv1959–
SjangerRock, rock and roll, pop
InstrumentTrommer, perkusjon, piano, vokal, munnspel, gitar
Stemmetypebaryton
Tilknytte artistarThe Beatles, Rory Storm and the Hurricanes, Ringo Starr & His All-Starr Band, The Plastic Ono Band
PlateselskapParlophone, United Artists Records, Capitol, Apple, Swan Records, Vee-Jay, Tollie Records, MGM Records, Polydor, Atlantic, RCA, Mercury, Koch Private Music, Boardwalk Records, Rykodisc
Verka somMusikar, låtskrivar, skodespelar
MorElsie Starkey
FarRichard Henry Parkin Starkey
Gift medMaureen Starkey Tigrett, Barbara Bach
Sambuar medShelley Duvall, Nancy Lee Andrews
BornLee Starkey, Zak Starkey, Jason Starkey
Prisarmedlem av Den britiske imperieordenen, Oscar for beste originalmusikk, Rock and Roll Hall of Fame, kommandør av Ordre des Arts et des Lettres, Knight Bachelor, stjerne på Hollywood Walk of Fame, æresdoktor ved Berklee College of Music

Starr vart to gonger råka av livstruande sjukdommar då han var liten, og sidan han hadde lange sjukehusopphald, fall han attende på skulen. I 1955 gjekk han ut i arbeid og hadde ei kort stund ei stilling i British Rail før han vart lærling ved eit utstyrsprodusent i Liverpool. Kort tid etter vart han interessert i skiffle-bølgja i Storbritannia, og utvikla ein stor lidenskap for sjangeren. I 1957 var han med og starta det første bandet sitt, the Eddie Clayton Skiffle Group, som fekk fleire gode spelejobbar, før bølgja tok slutt då amerikansk rock and roll tok over tidleg i 1958.

Då the Beatles vart danna i 1960, var Starr medlem i eit anna Liverpool-band, Rory Storm and the Hurricanes. Etter moderat suksess med det bandet i Storbritannia og Hamburg, slutta han i the Hurricanes og vart med i the Beatles i august 1962, då han erstatta Pete Best. Starr spelte ei viktig rolle i The Beatles-filmane og var med i fleire andre filmar. Etter Beatles vart oppløyst i 1970 gav han ut fleire singlar, som hittane «It Don't Come Easy», «Photograph» og «You're Sixteen», som alle vart hittar i USA. I 1972 gav han ut den mest suksessrike singelen sin i heimlandet, «Back Off Boogaloo», som nådde andreplassen der. Han fekk både kommersiell og kritikarsuksess med albumet Ringo i 1973. Han har vore med i mange dokumentarfilmar og leia fjernsynsshow. Han var forteljarstemme på dei to første sesongane av barne-TV-serien Thomas & Friends og var «Mr Conductor» i den første sesongen av barneserien Shining Time Station. Sidan 1989 har han turnert med bandet sitt Ringo Starr & His All-Starr Band.

I 2011 kåra lesarane av Rolling Stone Starr til den femte beste trommeslagaren gjennom tidene. Starr - som alt var innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av The Beatles i 1988, gjekk inn i æreshallen att i 2015 for solokarrieren sin.[1] Den 12. juni 1965 vart han i lag med dei tre andre Beatles-medlemmene tildelt den britiske imperieordenen.

Diskografi

endre

Kjelder

endre
  1. «2015 Rock Hall inductees». Radio.com. Henta 14. april 2015. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Ringo Starr
  Denne musikkartikkelen som har med Storbritannia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.