Hopp til innhald

Peter I Øy: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
s '
s '
Line 28: Line 28:
Øya vart oppdaga av [[Fabian Gottlieb von Bellingshausen]] den 21. januar 1821 og kalla opp etter [[Peter I av Russland]]. Det gjekk derimot heilt til 2. februar 1929 før nokon gjekk i land på øya, då [[Nils Larsen]] og [[Ola Olstad]]' under den [[Norvegia-ekspedisjonane|andre Norvegia-ekspedisjonen]], finansiert av [[Lars Christensen]], klarte dette. Dei gjorde krav på øya for Noreg, som annekterte ho i 1931 og gjorde ho til eit biland i 1933, Neste gongen nokon gjekk i land på øy var i 1948 og øya har sidan vore åstad for enkelte vitskaplege undersøkingar og noko turisme. Øya vart underlagt [[Antarktistraktaten]] i 1961. Sidan 1987 har det stått ein automatisk vêrstasjon på øya.
Øya vart oppdaga av [[Fabian Gottlieb von Bellingshausen]] den 21. januar 1821 og kalla opp etter [[Peter I av Russland]]. Det gjekk derimot heilt til 2. februar 1929 før nokon gjekk i land på øya, då [[Nils Larsen]] og [[Ola Olstad]]' under den [[Norvegia-ekspedisjonane|andre Norvegia-ekspedisjonen]], finansiert av [[Lars Christensen]], klarte dette. Dei gjorde krav på øya for Noreg, som annekterte ho i 1931 og gjorde ho til eit biland i 1933, Neste gongen nokon gjekk i land på øy var i 1948 og øya har sidan vore åstad for enkelte vitskaplege undersøkingar og noko turisme. Øya vart underlagt [[Antarktistraktaten]] i 1961. Sidan 1987 har det stått ein automatisk vêrstasjon på øya.


== Historie ==
==Historie==
==Historie==
Peter I Øy vart sett første gong den 21. januar 1821 av [[Fabian Gottlieb von Bellingshausen]] og eksepdisjonen hans,<ref name=r180>Rubin (2005): 180</ref> med skipa «Vostok» og «Mirnyy» under russiske flagg. Han kalla opp yøa etter tsar Peter den store av Russland. [[Pakkis]]en gjorde det ikkje mogeleg for Bellinghausen å kome nærare enn 25 km frå øya. Det vart det første landområdet som vart oppdaga sør for [[Den antarktiske polarsirkelen]], og var dermed òg det sørlegaste punktet som var oppdaga på den tida.<ref name=b67>Barr (1987): 67</ref> I januar 1910 såg den franske ekspedisjonen leia av [[Jean Charcot]] og skipet hans «Pourquoi-Pas» stadfesta oppdaginga til Bellingshausen, men dei stoppa 5 km frå øya på grunn av pakkisen.<ref name=b67>Barr (1987): 67</ref>
Peter I Øy vart sett første gong den 21. januar 1821 av [[Fabian Gottlieb von Bellingshausen]] og ekspedisjonen hans,<ref name=r180>Rubin (2005): 180</ref> med skipa «Vostok» og «Mirnyy» under russiske flagg. Han kalla opp øya etter tsar Peter den store av Russland. [[Pakkis]]en gjorde det ikkje mogeleg for Bellinghausen å kome nærare enn 25 km frå øya. Det vart det første landområdet som vart oppdaga sør for [[Den antarktiske polarsirkelen]], og var dermed òg det sørlegaste punktet som var oppdaga på den tida.<ref name=b67>Barr (1987): 67</ref> I januar 1910 såg den franske ekspedisjonen leia av [[Jean Charcot]] og skipet hans «Pourquoi-Pas» stadfesta oppdaginga til Bellingshausen, men dei stoppa 5 km frå øya på grunn av pakkisen.<ref name=b67>Barr (1987): 67</ref>


[[Fil:Peter I Island 1929A.jpg|mini|venstre|Den første landgangen øya i 1929]]
[[Fil:Peter I Island 1929A.jpg|mini|venstre|Den første landgangen øya i 1929]]
I 1926 og 1927 segla norske [[Eyvind Tofte]] kring øya og kartla ho frå «Odd I», men heller ikkje han kom seg bort til øya for å gå i land.<ref name=b67/> Den norske kvalbåtreiaren [[Lars Christensen]] finansierte flerie ekspedisjonar til Antarktis, dels for forskinga sin del og dels for å krevje landområde for Noreg. Sistnemnde var motivert av at britane skattla [[kvalfangst|kvalstasjonar]] i Antarktis, og Christensen håpte han kunne oppretta stasjonar i norske område for å betre desse tilhøva slik at skatten gjekk til Noreg i staden.<ref name=k52>Kyvik ''et.al'' (2008): 52</ref> Den første ekspedisjonen som gjekk i land på øya var den andre «Norvegia»-ekspedisjonen, finanisert av Christensen, leia av Nils Larsen og Ola Olstad. Dei gjekk i land den 2. februar og gjorde krav på øya for Noreg. Larsen prøvde å gå i land igjen i 1931, men vart hindra av pakkisen.<ref name=b67 /> Den 6. mars 1931gjorde Noreg krav på øya under norsk statsvelde<ref name=k52 /> og den 23. mars 1933 vart øya erklært som norsk biland.<ref name=b67 /><ref name=ld>{{Cite web|title=Lov om Bouvet-øya, Peter I's øy og Dronning Maud Land m.m. (bilandsloven)|url=http://www.lovdata.no/all/tl-19300227-003-0,html#1|publisher=Lovdata|accessdate=25. oktober 2012|archivedate=25. oktober 2012|archiveurl=http://www.webcitation.org/61Im5y11Q|language=norsk}}</ref>
I 1926 og 1927 segla norske [[Eyvind Tofte]] kring øya og kartla ho frå «Odd I», men heller ikkje han kom seg bort til øya for å gå i land.<ref name=b67/> Den norske kvalbåtreiaren [[Lars Christensen]] finansierte fleire ekspedisjonar til Antarktis, dels for forskinga sin del og dels for å krevje landområde for Noreg. Sistnemnde var motivert av at britane skattla [[kvalfangst|kvalstasjonar]] i Antarktis, og Christensen håpte han kunne oppretta stasjonar i norske område for å betre desse tilhøva slik at skatten gjekk til Noreg i staden.<ref name=k52>Kyvik ''et.al'' (2008): 52</ref> Den første ekspedisjonen som gjekk i land på øya var den andre «Norvegia»-ekspedisjonen, finansiert av Christensen, leia av Nils Larsen og Ola Olstad. Dei gjekk i land den 2. februar og gjorde krav på øya for Noreg. Larsen prøvde å gå i land igjen i 1931, men vart hindra av pakkisen.<ref name=b67 /> Den 6. mars 1931gjorde Noreg krav på øya under norsk statsvelde<ref name=k52 /> og den 23. mars 1933 vart øya erklært som norsk biland.<ref name=b67 /><ref name=ld>{{Cite web|title=Lov om Bouvet-øya, Peter I's øy og Dronning Maud Land m.m. (bilandsloven)|url=http://www.lovdata.no/all/tl-19300227-003-0,html#1|publisher=Lovdata|accessdate=25. oktober 2012|archivedate=25. oktober 2012|archiveurl=http://www.webcitation.org/61Im5y11Q|language=norsk}}</ref>


Neste gong øya vart vitja var 10. februar 1948 av skipet til Larsen, «Brategg». Det vart gjort biologiske, geologiske og hydrografiske undersøkingar av øya i over tre dagar, før pakkisen tvang ekspedisjonen bort. Ekspedisjonen bygde ei hytte og sette ut ein kopi av dokumentet frå 1929 der Noreg gjorde krav på øya. 23. juni 1961 vart Peter I Øy underlagt Antarktistraktaten, etter at Noreg signerte avtalen i 1959.<ref>{{Cite web|title=Parties|url=http://www.ats.aq/devAS/ats_parties.aspx?lang=e|publisher=Secretariat av Antarktistraktaten|accessdate=25. oktober 2012|archivedate=25. oktober 2012|archiveurl=http://www.webcitation.org/61Im9yCen}}</ref><ref>Barr (1987): 79</ref> Sidan den gong har det vore fleire landgangar på øya av forskjellige land for å utføre vitskaplege undersøkingar,<ref name=b67/> i tillegg til fleire turistskip som har klart å nå fram til øya..<ref name=r180/>
Neste gong øya vart vitja var 10. februar 1948 av skipet til Larsen, «Brategg». Det vart gjort biologiske, geologiske og hydrografiske undersøkingar av øya i over tre dagar, før pakkisen tvang ekspedisjonen bort. Ekspedisjonen bygde ei hytte og sette ut ein kopi av dokumentet frå 1929 der Noreg gjorde krav på øya. 23. juni 1961 vart Peter I Øy underlagt Antarktistraktaten, etter at Noreg signerte avtalen i 1959.<ref>{{Cite web|title=Parties|url=http://www.ats.aq/devAS/ats_parties.aspx?lang=e|publisher=Secretariat av Antarktistraktaten|accessdate=25. oktober 2012|archivedate=25. oktober 2012|archiveurl=http://www.webcitation.org/61Im9yCen}}</ref><ref>Barr (1987): 79</ref> Sidan den gong har det vore fleire landgangar på øya av forskjellige land for å utføre vitskaplege undersøkingar,<ref name=b67/> i tillegg til fleire turistskip som har klart å nå fram til øya.<ref name=r180/>


I 1987 sendte [[Norsk Polarinstitutt]] Aurora-ekspedisjonen med fem forskarar til øya og dei var der i elleve dagar. Hovudmålet var flyfotografi og topografiske målingar for at øya kunne kartleggast nøyaktig. Det andre målet var å undersøke sjølivet kring øya, i tillegg til geologiske, biologiske og andre undersøkingar. Laget sett òg opp ein automatisk [[vêrstasjon]].<ref>Barr (1987): 68</ref> Tre [[DX-pedition]] er sendt til øya i 1987, 1994 og 2006.<ref>{{Cite web|title=The FIRST Peter One DXpedition, 1987|url=http://www.peterone.com/1987.htm|publisher=Peter One|accessdate=25. oktober 2012 |archivedate=25. oktober 2012|archiveurl=http://www.webcitation.org/61ImEN9Wm}}</ref><ref>{{Cite web|title=The 1994 Peter I 3YØPI Expedition|url=http://www.peterone.com/3y0pi.html|publisher=Peter One|accessdate=25. oktober 2012|archivedate=25. oktober 2012|archiveurl=http://www.webcitation.org/61ImGuU0s}}</ref><ref>{{Cite web|title=We hope you enjoyed the 3YØX DX-perience!|url=http://www.peterone.com/|publisher=Peter One|accessdate=25. oktober 2012|archivedate=25. oktober 2012|archiveurl=http://www.webcitation.org/61ImNKb0R}}</ref> I 2005 er det estimert at færre enn 600 menneske har sett fot på Peter I Øy.<ref name=r180/>
I 1987 sendte [[Norsk Polarinstitutt]] Aurora-ekspedisjonen med fem forskarar til øya og dei var der i elleve dagar. Hovudmålet var flyfotografi og topografiske målingar for at øya kunne kartleggast nøyaktig. Det andre målet var å undersøke sjølivet kring øya, i tillegg til geologiske, biologiske og andre undersøkingar. Laget sett òg opp ein automatisk [[vêrstasjon]].<ref>Barr (1987): 68</ref> Tre [[DX-pedition]] er sendt til øya i 1987, 1994 og 2006.<ref>{{Cite web|title=The FIRST Peter One DXpedition, 1987|url=http://www.peterone.com/1987.htm|publisher=Peter One|accessdate=25. oktober 2012 |archivedate=25. oktober 2012|archiveurl=http://www.webcitation.org/61ImEN9Wm}}</ref><ref>{{Cite web|title=The 1994 Peter I 3YØPI Expedition|url=http://www.peterone.com/3y0pi.html|publisher=Peter One|accessdate=25. oktober 2012|archivedate=25. oktober 2012|archiveurl=http://www.webcitation.org/61ImGuU0s}}</ref><ref>{{Cite web|title=We hope you enjoyed the 3YØX DX-perience!|url=http://www.peterone.com/|publisher=Peter One|accessdate=25. oktober 2012|archivedate=25. oktober 2012|archiveurl=http://www.webcitation.org/61ImNKb0R}}</ref> I 2005 er det estimert at færre enn 600 menneske har sett fot på Peter I Øy.<ref name=r180/>

Versjonen frå 25. oktober 2012 kl. 11:47

Peter I Øy
øy og norsk biland
Land Mal:Landdata ingen verdi
Land Flagget til Noreg Norsk biland
Stad Bellingshausenhavet
 - koordinatar 68°50′S 90°35′W / 68.833°S 90.583°W / -68.833; -90.583
Høgaste punkt
 - stad Lars Christensen-toppen
 •  høgd 1 640 moh.
Areal 154 km²
 •  Isdekt 146 km²
Folketal 0
Kravd 2. februar 1929
Annektert 6. mars 1931
Biland 24. mars 1933
Antarktistraktaten 23. juni 1961
Kart
Peter I Øy
68°51′00″S 90°35′00″W / 68.85°S 90.583333333333°W / -68.85; -90.583333333333
Peter I Øy is located in Antarktis
Peter I Øy (Antarktis)
Wikimedia Commons: Peter I Island

Peter I Øy[1] er ei folketom vulkansk øy i Bellingshausenhavet, 450 km frå Antarktis. Ho er gjort krav på som eit biland av Noreg, og i lag med Dronning Maud Land og Bouvetøya utgjer eitt av tre norske biland i Antarktis og Subantarktis. Peter I Øy er 19 km lang, 11 km brei og 156 km2 stor. Det høgaste punktet er den 1640 meter høge Lars Christensen-toppen. Nesten heile øya er dekka av isbrear og ho er det meste av året omgjeve av pakkis, og er derfor utilgjengeleg det meste av året. Det er lite liv på øya, men det finst noko sjøfugl som sørhavhest og sel.

Øya vart oppdaga av Fabian Gottlieb von Bellingshausen den 21. januar 1821 og kalla opp etter Peter I av Russland. Det gjekk derimot heilt til 2. februar 1929 før nokon gjekk i land på øya, då Nils Larsen og Ola Olstad' under den andre Norvegia-ekspedisjonen, finansiert av Lars Christensen, klarte dette. Dei gjorde krav på øya for Noreg, som annekterte ho i 1931 og gjorde ho til eit biland i 1933, Neste gongen nokon gjekk i land på øy var i 1948 og øya har sidan vore åstad for enkelte vitskaplege undersøkingar og noko turisme. Øya vart underlagt Antarktistraktaten i 1961. Sidan 1987 har det stått ein automatisk vêrstasjon på øya.

Historie

Peter I Øy vart sett første gong den 21. januar 1821 av Fabian Gottlieb von Bellingshausen og ekspedisjonen hans,[2] med skipa «Vostok» og «Mirnyy» under russiske flagg. Han kalla opp øya etter tsar Peter den store av Russland. Pakkisen gjorde det ikkje mogeleg for Bellinghausen å kome nærare enn 25 km frå øya. Det vart det første landområdet som vart oppdaga sør for Den antarktiske polarsirkelen, og var dermed òg det sørlegaste punktet som var oppdaga på den tida.[3] I januar 1910 såg den franske ekspedisjonen leia av Jean Charcot og skipet hans «Pourquoi-Pas» stadfesta oppdaginga til Bellingshausen, men dei stoppa 5 km frå øya på grunn av pakkisen.[3]

Den første landgangen øya i 1929

I 1926 og 1927 segla norske Eyvind Tofte kring øya og kartla ho frå «Odd I», men heller ikkje han kom seg bort til øya for å gå i land.[3] Den norske kvalbåtreiaren Lars Christensen finansierte fleire ekspedisjonar til Antarktis, dels for forskinga sin del og dels for å krevje landområde for Noreg. Sistnemnde var motivert av at britane skattla kvalstasjonar i Antarktis, og Christensen håpte han kunne oppretta stasjonar i norske område for å betre desse tilhøva slik at skatten gjekk til Noreg i staden.[4] Den første ekspedisjonen som gjekk i land på øya var den andre «Norvegia»-ekspedisjonen, finansiert av Christensen, leia av Nils Larsen og Ola Olstad. Dei gjekk i land den 2. februar og gjorde krav på øya for Noreg. Larsen prøvde å gå i land igjen i 1931, men vart hindra av pakkisen.[3] Den 6. mars 1931gjorde Noreg krav på øya under norsk statsvelde[4] og den 23. mars 1933 vart øya erklært som norsk biland.[3][5]

Neste gong øya vart vitja var 10. februar 1948 av skipet til Larsen, «Brategg». Det vart gjort biologiske, geologiske og hydrografiske undersøkingar av øya i over tre dagar, før pakkisen tvang ekspedisjonen bort. Ekspedisjonen bygde ei hytte og sette ut ein kopi av dokumentet frå 1929 der Noreg gjorde krav på øya. 23. juni 1961 vart Peter I Øy underlagt Antarktistraktaten, etter at Noreg signerte avtalen i 1959.[6][7] Sidan den gong har det vore fleire landgangar på øya av forskjellige land for å utføre vitskaplege undersøkingar,[3] i tillegg til fleire turistskip som har klart å nå fram til øya.[2]

I 1987 sendte Norsk Polarinstitutt Aurora-ekspedisjonen med fem forskarar til øya og dei var der i elleve dagar. Hovudmålet var flyfotografi og topografiske målingar for at øya kunne kartleggast nøyaktig. Det andre målet var å undersøke sjølivet kring øya, i tillegg til geologiske, biologiske og andre undersøkingar. Laget sett òg opp ein automatisk vêrstasjon.[8] Tre DX-pedition er sendt til øya i 1987, 1994 og 2006.[9][10][11] I 2005 er det estimert at færre enn 600 menneske har sett fot på Peter I Øy.[2]

I 2004 er det lagt føringar frå offentleg norsk side om å bruke mindre midlar på forsking på Peter I Øy til fordel for Dronning Maud Land og Bouvetøya. Årsaka er dei store transportkostnadane.

Geografi

Peter I Øy ligg i Amundsenhavet, utanfor Ellsworth Land i Vest-Antarktis, og er ca. 20 × 10 km stor. Berre omtrent 5 % av øya er isfri. Høgaste punkt er den utdøydde vulkanen Lars Christensen-toppen på 1640 moh. Øya er vanskeleg tilgjengeleg på grunn av is.

Dyre- og planteliv

Plantelivet består praktisk talt berre av noko svært tilpassingsdyktig mose og lav. Nokon sjøfuglartar, og ein liten pingvinkoloni er observert. Det finst mykje sel på land og i havet rundt øya.

Klima

Øya har eit maritimt antarktisk klima. Ho ligg like utanfor den ytre iskantgrensa. Den varmaste månaden er februar med −1 °C, medan det er kaldast i juli med −23 °C.

Skrivemåten av stadnamnet

Norsk Polarinstitutt (som er ansvarlege for normeringa av norske polare stadnamn[12]) har bestemt at øya heiter Peter I Øy[13]. Andre vanlege skrivemåtar er Peter 1.s øy og Peter Is øy.

Sjå også

Bakgrunnsstoff

Referansar

  1. «Peter I Øy». Miljøstatus. Arkivert frå originalen 25. oktober 2012. Henta 25. oktober 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Rubin (2005): 180
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Barr (1987): 67
  4. 4,0 4,1 Kyvik et.al (2008): 52
  5. «Lov om Bouvet-øya, Peter I's øy og Dronning Maud Land m.m. (bilandsloven)» (på norsk). Lovdata. Arkivert frå originalen 25. oktober 2012. Henta 25. oktober 2012. 
  6. «Parties». Secretariat av Antarktistraktaten. Arkivert frå originalen 25. oktober 2012. Henta 25. oktober 2012. 
  7. Barr (1987): 79
  8. Barr (1987): 68
  9. «The FIRST Peter One DXpedition, 1987». Peter One. Arkivert frå originalen 25. oktober 2012. Henta 25. oktober 2012. 
  10. «The 1994 Peter I 3YØPI Expedition». Peter One. Arkivert frå originalen 25. oktober 2012. Henta 25. oktober 2012. 
  11. «We hope you enjoyed the 3YØX DX-perience!». Peter One. Arkivert frå originalen 25. oktober 2012. Henta 25. oktober 2012. 
  12. Norsk Polarinstitutt: Om fastsetjinga av polare stadnamn
  13. Norsk Polarinstitutt: Informasjon om Peter I Øy