Aleksandr Radisjtsjev
Aleksandr Radisjtsjev | |
Verkeleg namn | Алекса́ндр Никола́евич Ради́щев |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 20. august 1749 Øvre Ablyazov, Moskva |
Død |
12. september 1802 (53 år) |
Yrke | filosof, skribent, romanforfattar, lyrikar, samfunnsøkonom |
Språk | russisk |
Far | Nikolaj Afanasevitsj Radisjtsjev |
Ektefelle | Anna V. Radishcheva |
Aleksandr Radisjtsjev på Commons |
Aleksandr Nikolajevitsj Radisjtsjev (31. august 1749–24. september 1802) var ein russisk filosof, forfattar og embetsmann (direktør for tollkammeret i St. Petersburg).
Liv
[endre | endre wikiteksten]Radisjtsjev var fødd i Moskva i ein lågadeleg godseigarfamilie. På ønske frå Katarina II studerte han rettsvitskap i Leipzig – Goethe var ein av medstudentane. Radisjtsjev vart påverka av opplysingstenkarar som Gabriel Bonnot de Mably, Jean-Jacques Rousseau, Claude Adrien Helvétius og Laurence Sterne.
I 1790 gav Radisjtsjev ut reiseskildringa Reise frå St. Petersburg til Moskva. Her skildra han det russiske bondelandet dels realistisk, dels sentimentalt, men boka var i røynda ein radikal kritikk av det han såg på som sosiale mistilhøve i Russland under Katarina II. Radisjtsjev kritiserte spesielt liveigenskapen, og det umenneskelege og i stor grad forfalne aristokratiet, og sette som den aller første[1] fram eit forslag om å frisetje bøndene frå liveigenskapen. Tsarina Katarina var rysta over den franske revolusjonen og heldt Radisjtsjev for «verre enn Pugatsjov»[1] (føraren for eit kosakkopprør i 1773–1775), så styresmaktene drog inn heile opplaget av verket og dømde han i 1790 til døden. Det enda med at han fekk nåde og i staden vart dømd til ti års forvising.
Etter at Katharina døydde i 1796, sette tsar Paul I Radisjtsjev fri og gav han lov til å busette seg på godset sitt. Men Radisjtsjev hadde ikkje endra syn og vart trua av personar med stor påverkingskraft. I 1802, framleis under oppsikt av politiet, tok han sitt eige liv ved å drikke salpetersyre. Han var fortvila over dei dårlege utsiktene til reformrørsla og var redd for å bli deportert på ny, men ville òg sende ut eit signal.[1]
Først i 1905 kom ei usensurert utgåve av reiseskildringa til Radisjtsjev ut, med innleiing av N.P. Silvanskij og P.E. Stjegolev.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 Die Dekabristen Arkivert 2012-12-19 ved Wayback Machine. på zvab.com, henta 10. januar 2012
- Denne artikkelen bygger på «Aleksandr Radistjev» frå Wikipedia på svensk, den 3. februar 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Verk av og om Aleksandr Radisjtsjev i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket