Anne T. Wøien
Anne T. Wøien | |||
| |||
Fødd | 18. juni 1965 (59 år) Ringerike kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Mor | Marit Tingelstad | ||
Alle verv |
|
Anne Tingelstad Wøien (fødd 18. juni 1965) er ein norsk lærar og politikar frå Senterpartiet. Ho vart vald inn på Stortinget frå Oppland fylke i 2009.
Wøien tok allmennlærarutdanning ved Sagene lærarhøgskole 1987–1990. Seinare utdanning innan høvesvis 5–10-årspedagogikk 1996–1997 og pedagogisk arbeid på småskuletrinnet 1997–1998, begge ved Høgskolen i Telemark. Wøien var lærar i Gran kommune 1990–2003, og øvingslærar ved Høgskolen i Hedmark 2000–2003.
Ho var skulepolitisk sekretær i Senterungdommen 1989–1990, og deretter leiar i Oppland Senterungdom 1990–1991. Medlem av Gran formannskap 1995–2003, og medlem av Oppland fylkesting 2003–2005. Politisk rådgjevar i Olje- og energidepartementet 2005–2007, og i Samferdselsdepartementet frå 2007. 1. vararepresentant til Stortinget 2005–2009, vald inn på fast basis frå 2009.
Stortingskomitear
[endre | endre wikiteksten]- 2009–2013 - medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
- 2009–2013 - medlem i Fullmaktskomiteen
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Anne T. Wøien hos Stortinget