Frank Sve
Frank Sve | |||
| |||
Fødd | 18. februar 1968 (56 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Frank Edvard Sve (fødd 18. februar 1968) er ein norsk politikar frå Stranda på Sunnmøre som sidan 2021 har representert Framstegspartiet i Møre og Romsdal på Stortinget. Sve er utdanna industrisnikkar og arbeidde fleire år i møbelindustrien.
Hausten 1999 kom han inn i kommunestyret i Stranda, der han markerte seg som ein høglytt leiar av partigruppa til Framstegspartiet. Hausten 2003 vart han vald til ordførar i Stranda kommune. Framstegspartiet i Stranda gjorde eit brakval ved kommunevalet 2007. Med 47,5 % av veljarane bak seg, heldt Sve fram som ordførar. Eit kostbart skitrekkprosjekt i kommunal regi førte til at Stranda kommune mista kontroll over økonomien og vart nedtyngd i gjeld.[1] Kommunevalet 2011 straffa Framstegspartiet og Sve måtte overlevere ordførarklubba til Jan Ove Tryggestad frå Senterpartiet. Sve søkte om å verte friteken for å møte i kommunestyret. Skitrekket vart solgt i 2012 med stort tap.[2]
Sve har vore medlem i fylkestinget i Møre og Romsdal sidan 2003. Han leia Møre og Romsdal Framstegsparti 2004-10 og frå 2014. På fylkestinget har Sve vore den dominerande figuren i partigruppa. Han har kjempa om å verte fylkesordførar både ein og fleire gongar, men har ikkje lukkast samle nok stønad for sitt kandidatur hos andre partigrupper.
Sve var aktuell på «sikker» plass før stortingsvalet 2017. Men då nestleiaren i Framstegspartiet, Oslo-buande Sylvi Listhaug, sikta mot ein stortingsplass, vart Sve tvinga til å godta tredjeplassen på vallista til Framstegspartiet i Møre og Romsdal.[3] Etter å ha vore vararepresentant 2017-21, vart Sve vald inn på Stortinget i 2021. På Stortinget er han fyrste nestleiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen.
Sve var medlem av representantskapet i Noregs Bank frå 2010 til og med 2017. Periodane 2010-11 og 2012-13 var han nestleiar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Knusende dom over Stranda», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 6. november 2010, henta 21. mai 2024
- ↑ «Taper over 90 millioner på sunnmørsk skiparadis» (på norsk bokmål). Finansavisen. Henta 21. mai 2024. «Stranda kommune på Sunnmøre har nå solgt Strandafjellet Alpinsenter til en lokal næringslivstrio, skriver Dagens Næringsliv.Prisen endte opp på 59 millioner kroner. Det er 94 millioner lavere enn det kommunen har puttet inn i skisenteret, og betyr betydelige kutt i kommunebudsjettet for neste år.»
- ↑ Strand, Geir (22. august 2016), «Frank Sve (Frp) trekker seg fra nominasjonskampen», smp.no (på norsk bokmål), henta 21. mai 2024
- Biografi: Sve, Frank Edvard ved stortinget.no
- Denne artikkelen bygger på «Frank Sve» frå Wikipedia på bokmål, den 19. august 2023.