Kårstein Løvaas
Utsjånad
(Omdirigert frå Kårstein Eidem Løvaas)
Kårstein Løvaas | |||
| |||
Fødd | 10. november 1967 (57 år) New Orleans | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg, USA | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | journalist, politikar, programleiar, lobbyist | ||
Mor | Velaug Eidem Løvaas | ||
Alle verv |
|
Kårstein Eidem Løvaas (fødd 11. oktober 1967) er ein norsk journalist og politikar frå Sandar i Sør-Odal, busett på Teie i Nøtterøy. Han er sidan oktober 2013 stortingsrepresentant for partiet Høgre frå Vestfold.
Løvaas er utdanna ved befalsskule, og har studert sosialøkonomi ved Lunds universitet i Sverige. Frå 1994 til 2013 var han journalist og programleiar i radiostasjonen P4.
På 1980-talet var Løvaas politisk aktiv i Unge Høgre. Han medlem av Nøtterøy kommunestyre i perioden 2007-11, der han var leiar av hovudutvalet for oppvekst og kultur. Ved stortingsvalet i 2013 vart han innvald på Stortinget som fylkespartiet sin andrekandidat. Han var medlem av Familie- og kulturkomiteen.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]
- Fotnotar