Ketil Kjenseth
Ketil Kjenseth | |||
Ketil Kjenseth Foto: Jo Straube / Venstre | |||
Fødd | 13. august 1968 (56 år) Lillehammer kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Ketil Kjenseth (fødd 13. august 1968) er ein norsk politikar for partiet Venstre. Frå 2013 er han stortingsrepresentant for Oppland fylke.
Kjenseth er lærarutdanna og diplomøkonom frå Bedriftsøkonomisk Institutt. Før han vart stortingsrepresentant arbeidde han i firmaet Norsk Vann. Fram til 2006 var Kjenseth assisterande generalsekretær og internasjonal sekretær i Venstre. Perioden 2006-09 var han politisk rådgjevar for Venstre si stortingsgruppe. Sidan 2005 har Kjenseth vore medlem av kommunestyret i Gjøvik. I sin tredje periode i kommunestyret er han medlem av det tekniske hovudutvalet i kommunen.
Kjenseth var Oppland Venstre sin fyrstekandidat ved stortingsvalet 2013. Han erobra då utjamningsmandatet for Oppland fylke; dermed var Oppland representert på Stortinget med eit Venstre-medlem for fyrste gong på 64 år. På Tinget er Kjenseth medlem av Helse- og omsorgskomiteen.