Miguel Ángel Asturias
Miguel Ángel Asturias | |
Statsborgarskap | Guatemala |
Fødd | 19. oktober 1899 Guatemala by |
Død | |
Yrke | lyrikar, skribent, diplomat, journalist, politikar, diktarjurist |
Språk | spansk |
Medlem av | Generación del 20, Geographical and Historical Academy of Guatemala |
Religion | katolisisme |
Ektefelle | Clemencia Amado, Blanca Mora y Araujo |
Miguel Ángel Asturias på Commons |
Miguel Ángel Asturias (fødd 19. oktober 1899 i Guatemala by, daud 9. juni 1974 i Madrid) var ein guatemalansk forfattar og diplomat.
I 1967 fekk han Nobelprisen i litteratur for den såkalla Banantrilogien, med begrunninga «for dei fargerike litterære verka sine, med djupe røter i den nasjonale eigenarten og tradisjonane til Latinamerikas indianske folkeslag».[1][2]
Liv
[endre | endre wikiteksten]Asturias studerte jus i heimlandet. Etter avslutta studiar grunnla han saman med vener ein folkehøgskole som gjorde det mogleg for fattigfolk å få utdanning. I 1923 reiste han til Europa for å studere politisk økonomi i London, men avbraut studiet etter få månader. I staden studerte han religion og folkeminnevitskap ved Sorbonne, spesielt dei før-kolumbiske kulturane i Latinamerika. Etter avslutta studiar gjorde han fleire reiser gjennom Europa. Det var på denne tida dei første litterære verka hans kom ut.
I 1933 vendte han tilbake til Guatemala. Etter at diktatoren Jorge Ubico blei styrta i 1944, gjekk Asturias inn i diplomatiet og blei året etter kulturattaché ved den guatemalske ambassaden i Mexico City og frå 1947 i Argentina. Han gav på denne tida ut fleire verk som ikkje kunne publiseras under diktaturet. Då regjeringa til president Jacobo Árbenz Guzmán blei styrta under eit kupp i 1954, trekte Asturias seg tilbake frå verva sine og gjekk i eksil i Argentina fram til 1962. Etter at det på ny blei halde frie val i Guatemala, blei han igjen diplomat for landet sitt og reiste til Paris som ambassadør.
Miguel Ánge Asturias er gravlagd på gravlunden Père Lachaise i Paris.
Virke
[endre | endre wikiteksten]Asturias er ein representant for magisk realisme i latinamerikansk litteratur og bearbeidar mytene og legendene til dei heimlege indianske folka i verka sine. Han tek òg opp dei sosiale, politiske og økonomiske forholda i Latinamerika, dei negative verknadene av diktatura og USA sin rolle i denne regionen.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "for his vivid literary achievement, deep-rooted in the national traits and traditions of Indian peoples of Latin America".
- ↑ Miguel Angel Asturias på nobelprize.org
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Verk av og om Miguel Ángel Asturias i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Miguel Angel Asturias Arkivert 2006-06-15 ved Wayback Machine.
- Asturias[daud lenkje] på iaiweb1.iai.spk-berlin.de
- Biografi Arkivert 2006-06-15 ved Wayback Machine. på literaturaguatemalteca.org
- Nettstad om Banantrilogien Arkivert 2009-09-02 ved Wayback Machine. ved janvonbroeckel.de