Wikipedia:Utvald artikkel/2024
Arkiv: Utvalde artiklar: 2004 – 2005 – 2006 – 2007 – 2008 – 2009 – 2010 – 2011 – 2012 – 2013 – 2014 – 2015 – 2016 – 2017 – 2018 – 2019 – 2020 – 2021 – 2022 – 2023 – 2024
Diskusjonar: 2007 – 2008 – 2009 – 2010 – 2011 – 2012 – 2013 – 2014 – 2015 – 2016 – 2017 – 2018 – 2019 – 2020 – 2021 – 2022 – 2023 – 2024
I dag er det laurdag, 23. november 2024 – Oppdater sida
- Veke 1
Cerrado er ein økoregion av tropiske savannar i Brasil prega av eit halvfuktig tropisk klima med distinkte våte og tørre årstider. Det er den nest største naturtypen i Brasil, etter regnskogen i Amazonas. Vegetasjonen her inkluderer ei rekkje habitat, frå savannar til galleriskogar, med ulike typar vegetasjon. Regionen har eit rikt mangfald av virveldyr og virvellause artar, inkludert amfibium, krypdyr, fuglar og pattedyr. Landbruksaktivitetar har utvida seg mykje i cerrado, drive av jordmanipulasjon og dyrking av avlingar som soyabønner og storfekjøttproduksjon. Denne utvidinga har ført til at miljøet blir ringa, mellom anna av avskoging og utarming av vassressursar. Bevaringsinnsatsen er avgrensa, med berre ein liten del av cerrado verna som føderale reservat, trass i det høge biologiske mangfaldet og den økologiske tydinga. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 2
Elizabeth Barrett Browning (1806–1861) var ein engelsk diktar i viktoriatida. Ho var mykje omtykt i Storbritannia og i USA i levetida si.
Browning blei fødd i County Durham som den eldste av 12 barn. Frå ho var elleve byrja ho å skriva dikt. Den fyrste diktsamlinga hennar som vaksen blei gjeven ut i 1838. Ho skreiv produktivt mellom 1841 og 1844, både poesi, omsetjing og prosa. Ho engasjerte seg for avskaffing av slaveriet, og arbeidet hennar bidrog til å påverka reformer i lovgjevinga kring barnearbeid. Den rike produksjonen hennar gjorde henne til ein rival til Tennyson som kandidat for å bli poet laureate etter Wordsworth. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 3
John Bonham (1948–1980) var ein britisk musikar og låtskrivar, mest kjend som trommeslagar i Led Zeppelin. Bonham er velrenommert for snøggleiken, krafta, den kjappe høgrefoten, den særeigne stilen og kjensla si for grooven. Han vert rekna som ein av dei største trommeslagarane i rockehistoria av mange trommeslagarar, andre musikarar og musikkekspertar.
Etter at The Yardbirds vart oppløyst, starta gitaristen Jimmy Page eit nytt band, det framtidige Led Zeppelin. Då han rekrutterte Robert Plant, foreslo han den tidlegare bandkollegaen sin Bonham som trommeslagar. Bonham var i starten motvillig til å bli med i bandet. Plant sendte åtte telegram til puben til Bonham i Walsall, før Grant sendte 40 telegram. Samstundes hadde Bonham lukrative tilbod frå artistar som Joe Cocker og Chris Farlowe. Bonham godtok til slutt tilbodet til Grant. Bonham sa seinare: «Eg likte musikken deira betre enn musikken til Cocker og Farlowe.» Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 4
Aleksanderøya er den største øya i Antarktis. Ho er om lag 390 km lang frå nord til sør, 80 km brei i nord og 240 km brei i sør. Aleksanderøya er den nest største folketomme øya i verda etter Devonøya, og har eit areal på 55 247 km². Ho ligg i Bellingshausenhavet vest for Palmer Land på Den antarktiske halvøya. Mellom øya og halvøya ligg Marguerite Bay og George VI Sound. George VI isbrem fyller heile George VI Sound og knyter Aleksanderøya fast til Palmer Land.
Aleksanderøya vart oppdaga 28. januar 1821 av ein russisk ekspedisjon under Fabian Gottlieb von Bellingshausen, som gav ho namnet Aleksander I Land etter den regjerande tsaren Aleksander I av Russland. Ein trudde ho var ein del av det antarktiske fastlandet fram til 1940. At det var ei øy vart bevist i desember 1940 av eit selskap på slede under Finn Rønne frå U.S. Antarctic Service. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 5
Hauraki Plains er eit sletteområde nord på Nordøya på New Zealand. Området ligg 75 km søraust for Auckland, ved foten av Coromandelhalvøya, og dekkjer den sørlege delen av ein graben som er avgrensa av åsane i Kaimai Ranges mot aust, og av eit bakkelandskap mot vest som skil Hauraki Plains frå dei mykje større slettene (Waikato Plains) ved Waikatoelva.
I 1840-åra dekte eit våtmarksområde estimert til 1100 km² dei lågare delane av Waikato og Hauraki Plains. Seinare har 85 til 90 % av våtmarksområda på New Zealand gått tapt. Kopuatai Peat Dome er med ei flatevidd på 102,01 km² det største uforandra torvområdet på New Zealand, og er også eineståande i verdssamanheng. Whangamarinovåtmarkene, som ligg i Miranda/Kaiaua-området, er dei nest største torv- og sumpvåtmarkene på Nordøya på New Zealand. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 6
Knuskkjuke (Fomes fomentarius) er ei stor, hovforma kjuke som veks på daudt treverk. Ho veks gjerne på trestammar av lauvtre. Namnet har knuskkjuka fått fordi det vert laga knusk av ho. Ein har funne restar etter knuskkjuke ved steinalderbustader ved Rhinen i Tyskland frå så lenge som kring 30 000 år sidan. Ismannen Ötzi, som vart funnen i Alpane i Italia i 1991, hadde og med seg knusk. Han levde om lag 3300 f.Kr.
Knuskkjuke har sirkumboreal utbreiing. Ho finst både nord og sør i Afrika, i heile Europa og Asia og inn i austlege Nord-Amerika. Liksom andre kjuker er knuskkjuka årsak til kvitrote i stamma til vertstreet. Fruktlekamen syner seg ikkje før treet er nesten daudt. Fargen til fruktlekamen varierer i ulike soner på overflata. Han er oftast mørk grå, men òg lysegrå eller heilt mørk, nesten svart. Det er eit lyst belte nedst, der ein finn det yngste vekstlaget. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 7
Stefan–Boltzmann-lova seier at den totale energien som vert strålt ut frå ein svartlekam per areal, j*, er direkte proporsjonal til fjerdepotensen av den termodynamiske temperaturen T (òg kalla absolutt temperatur) til svartlekamen. Eit meir generelt tilfelle er ein grå lekam, ein som ikkje fullstendig absorberer eller emitterer heile strålingsfluksen. I staden for vert det stråla ut delar av fluksen, styrt av emissiviteten, .
Lova vart utleia av Josef Stefan i 1877 basert på målingar gjort av John Tyndall. Dei teoretiske omsyna vart ved hjelp av termodynamikken utleidd av Ludwig Boltzmann i 1884, med utgangspunkt i arbeidet til Adolfo Bartoli. Boltzmann såg på ein viss ideell varmemaskin med lys som materie i staden for gass. Lova gjeld berre for ideelle svartlekamar, som er perfekte strålingslekamar. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 8
Meena Kumari (fødd Mahjabeen Bano, 1933–1972) var ein indisk skodespelar og diktar. Ho var kjend som «The Tragedy Queen», og var aktiv innan hindifilmar mellom 1939 og 1972. Kumari er rekna som ein av dei største skodespelarane i den indiske filmindustrien. I ein karriere som varte i over 33 år, frå barndommen til ho var vaksen, medverka ho i over 90 filmar. Ho døydde berre 38 år gammal av skrumplever.
Kumari vann fire Filmfare-prisar i kategorien for beste kvinnelege skodespelar. Ho gjorde historie ved den 10. filmfareprisutdelinga i 1963 ved å få alle tre nominasjonane til beste kvinnelege skodespelar, og vann for rolla si i Sahib Bibi Aur Ghulam. Ho vann den siste filmfareprisen sin for Kaajal i 1966. Den siste filmen hennar, Pakeezah, kom ut året etter at ho var død, og gav henne ein posthum filmfarenominasjon.
Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 9
Jimmy Page (fødd 1944) er ein engelsk gitarist, låtskrivar og plateprodusent. Han starta karrieren sin som studiomusikar i London før han var medlem av The Yardbirds frå 1966 til 1968. Etter det starta han det engelske rockebandet Led Zeppelin. Han vert ofte rekna som ein av dei viktigaste og mest påverkande gitaristane og låtskrivarane i rockehistoria.
I 2010 vart Jimmy Page rangert på andreplass på lista til Gibson over dei 50 beste gitaristane gjennom tidene og i 2007 på fjerdeplass på lista til Classic Rock Magazine over dei 100 villaste gitarheltane. Page vart rangert på niandeplass på lista til Rolling Stone over dei 100 største gitaristane gjennom tidene i 2003. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame to gonger, ein gong som medlem av The Yardbirds (1992), og ein gong som medlem av Led Zeppelin (1995). Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 10
Hundre års ensomhet, originaltittel Cien años de soledad, er ein roman av den colombianske forfattaren og nobelprisvinnaren Gabriel García Márquez. Romanen blir sett på som García Márquez sitt meisterverk, og er rekna som ein merkestein og eit av dei viktigaste verka i den spanske litterære kanonen.
Dette er ein slektskrønike om familien Buendía som levde i byen Macondo, det metaforiske Colombia. Macondo vart grunnlagt av familiepatriarken José Arcadio Buendía. Med romanen sin «magisk realisme»-stil og tematiske substans, blei han ein viktig representantroman for den latinamerikanske bløminga på 1960 og 1970-talet, som vart stilistisk prega av modernisme og den cubanske avantgarde litterære rørsla. Etter at romanen først vart utgjeven i 1967, har Hundre års ensomhet blitt omsett til 37 språk og har selt meir enn 30 millionar eksemplar. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 11
Bulgarsk geografi viser til geografien i Bulgaria, eit land i Søraust-Europa og grensar til Romania, Serbia, Nord-Makedonia, Hellas, Tyrkia og Svartehavet. Den nordlege grensa mot Romania følgjer elva Donau heilt til Silistra. Arealet til Bulgaria er 110 994 km², og landet er med det litt større enn Island, Cuba eller den amerikanske delstaten Tennessee.
Dei mest karakteristiske trekka i den bulgarske topografien er vekslande område med høgt og lågt terreng som strekkjer seg frå aust mot vest over heile landet. Trass i at landet ikkje er særleg stort har det svært variert topografi, og landet kan delast inn i sletter, platå, åsar, fjell, bekken, juv og djupe elvedalar. Det geografiske senteret i Bulgaria er i Uzana. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 12
Finsk fonologi er karakterisert av eit rikt vokalsystem (8 vokalar og 18 ulike diftongar), og eit relativt lite konsonantsystem (14 konsonantar). Eit sentralt suprasegmentalt trekk er kvantitet, alle vokalfonem og nesten alle konsonantfonem kan vere både lange og korte. Hovudtrykket i finsk fell alltid på den første stavinga i ordet, uavhengig av lengde.
Eit av dei sentrale fonologiske fenomena i finsk er vokalharmonien. Finsk har såkalla palatal vokalharmoni, eller fremre-bakre-homonymi. I finske ordstammar kan vokalane a, o og u ikkje opptre i lag med dei fremre vokalane ä, ö und y. I suffiks er vilkåra litt annleis: Her kan a, o, u berre opptre viss det i ordstammen opptrer a, o, u. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 13
Orientråke (Eurystomus orientalis) er ein råke i India, Sri Lanka, Søraust-Asia og Australasia. Det engelske artsnamnet dollarbird kjem av eit skinande sølvfarga område på over- og undersida av vengene, midt på dei ytre handsvingfjørene, som vagt kan minne om sølvdollar. Det er skildra elleve underartar som skil seg, nokre gonger betydeleg, når det gjeld farger i fjørdrakt, storleik og form på nebbet og generell storleik.
Den grunnleggjande farga på orientråken er mørk, iriserande grøn, som kan veksle mellom ulike grøntonar mot lilla og bruntonar, avhengig av innfallslyset. Oversida er lysare og meir fargerik enn den meir reint grågrøne undersida. Handsvingfjørene som er synlege når han sit er klåre, mørkeblå i farga. Han har ein lilla til blå strupeflekk. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 14
Kvalsafari er ein praksis som går ut på å observera kvalar og delfinar i det naturlege habitatet deira. Observering av kval er for det meste ein fritidsaktivitet, men kan òg ha vitskaplege og/eller pedagogiske føremål. Kvalsafari er særleg viktig for utviklingsland. Kystland har byrja å dra nytte av nærværet til kvalane, og dette har auka støtta blant folk om å verna desse dyra mot kommersiell kvalfangst og andre trugsmål, som bifangst eller skipskollisjonar, ved hjelp av marine verneområde og fristadar.
Organiserte kvalsafariar byrja i USA, då Cabrillo National Monument i San Diego blei erklært ein offentleg stad for å observera migrasjonen til gråkvalar. Skodet tiltrekte seg 10 000 vitjande det fyrste året, 1950. I 1955 byrja dei første turane på havet i same område
Turismen kring kvalsafari har auka markant sidan midten av 1980-talet. Storleiken og den raske veksten i næringa har ført til komplekse og tilbakevendande debattar med kvalfangstindustrien om den beste bruken av kvalar som naturressurs. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 15
Edderkoppar i kulturen viser til ei rekkje måtar edderkoppar og spindelvev er blitt skildra og handsama innan folkekultur, mytologi og symbolisme gjennom historia. Frå gresk mytologi til afrikansk folklore og fram til i moderne litteratur og populærkultur har edderkoppar vore nytta til å representera fleire ulike idear og eigenskapar.
Edderkoppar kan vera eit symbol på ugagn og vondskap, knytt til gifta og den sakte døden ho kan gje, noko som ofte blir sett på som ei forbanning.
Han har symbolisert tolmod og uthald på grunn av jaktteknikken sin der han lagar nett og ventar på at byttet skal bli fanga. Mange kulturar legg også vekt på evna hans til å laga nett, og knyter han til spinning, veving, korgmaking, knutearbeid og nettmaking. Dyra kan knyttast til skapingsmytar fordi dei kan laga sine eigne verder i form av vevane sine. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 16
Paparoa nasjonalpark er ein newzealandsk nasjonalpark som ligg nord på vestkysten av Sørøya, mellom byane Westport og Greymouth. Nasjonalparken vart oppretta i 1987 og omfattar 306 km². Parken strekkjer seg frå eller nær kystlinja til toppen av høgdedraget Paparoa Range. Ein separat del av parken ligg i nord og omfattar eit område kring elva Ananui Creek. Parken vernar om eit kalksteins- og karst-område. Det ligg ei rekkje grotter i parken, ei av desse, Metro/Te Ananui, er ein kommersiell turistattraksjon. Størstedelen av parken er skogkledd, og har ein svært variert vegetasjon.
Riksvegen State Highway 6 går langs parken. Paparoa Track, ein av New Zealand's Great Walks, går gjennom han. Den vesle busetnaden Punakaiki ligg nær grensa til parken, ikkje langt frå den populære turistattraksjonen Pancake Rocks. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 17
Peter Gabriel (fødd 1950) er ein engelsk songar, musikar og låtskrivar som vart kjend som vokalist og fløytist i progrockbandet Genesis. Etter at han slutta i Genesis, starta Gabriel ein suksessrik solokarriere. Albumet hans So frå 1986 er hans bestseljande. Den største hitten på albumet, «Sledgehammer», vann ni MTV Awards på 1987 MTV Video Music Awards og er den mest spelte musikkvideoen i historia til kanalen.
I nyare tid har Gabriel fokusert på å produsere og fremje verdsmusikk og har vore ein pioner innan digitale distribusjonsmetodar for musikk. Han har òg vore involvert i mange humanitære prosjekt. Gabriel har vunne mange musikkprisar gjennom karrieren sin, mellom anna tre Brit Awards, inkludert beste mannlege artist i 1987, seks Grammy Awards, tretten MTV Video Music Awards, og i 2007 vart han æra med eit BMI-ikon på den 57. årlege BMI London Awards for hans «inspirasjon for generasjonar av musikarar». Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 18
Else Hagen (1914–2010) var ein norsk biletkunstnar som arbeidde med måleri, grafikk og store relieff i ulike material. Ho verka også som skribent, kåsør og illustratør. Ho er rekna som ein av dei viktigaste norske kvinnelege kunstnarane innanfor modernismen, og er særleg kjend for sine store materialbilete. Desse var som oftast resultat av at ho vann fyrstepris i konkurransar om kunstnarisk utsmykking, og dei finst i norske kyrkjer, universitet og andre offentlege bygningar, blant anna i Stortingsbygningen, der verket hennar Samfund blei avduka i 1966. Då Hagen vann konkurransen om utsmykking av Nøtterøy realskole i 1950 blei ho den fyrste kvinnelege kunstnaren som fekk eit offentleg utsmykkingsoppdrag i Noreg. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 19
Morrison Hotel er det femte studioalbumet til det amerikanske rockebandet The Doors, gjeve ut 9. februar 1970 på Elektra Records. Etter at bandet hadde brukt blåsarar og strykarar på råd frå produsenten Paul A. Rothchild på det førre albumet sitt, The Soft Parade, gjekk det no attende til den opphavlege bluesrockstilen sin. The Doors gjekk inn i Elektra Sound Recorders i Los Angeles i november 1969 for å spele inn albumet, der kvar plateside fekk sin eigen tittel: «Hard Rock Cafe» og «Morrison Hotel». Gruppa hadde med seg studiobassistane Lonnie Mack og Ray Neapolitan på songane.
Albumet nådde fjerdeplassen på Billboard 200 og gjorde det betre i utlandet enn det føregåande albumet. Det vart den høgaste plasseringa deira på albumlista i Storbritannia, der det nådde 12. plassen. Singelen «You Make Me Real»/«Roadhouse Blues» nådde 50. plassen som ei dobbel A-side i mai 1970 på Billboard 100-lista. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 20
Skogfinnar er ei etnisk gruppe som stammar frå finnar frå Savolax og Tavastland som slo seg ned i skogområda i Sverige og Noreg på begge sider av den svensk-norske grensa, hovudsakleg på 1500– og 1600-talet. Skogfinnar er ein av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg. Det finst kring 1,7 millionar svenskar og drygt ein halv million nordmenn med skogfinsk avstamming.
Skogfinnane lærte seg svensk eller norsk og vart tospråklege, men heldt lenge på den kulturelle særarten sin og det finske språket. Blandingsekteskap vart vanlege tidleg. Ved slutten av 1700-talet hadde skogfinnane i stor grad vorte assimilerte inn i den svenske eller norske kulturen, ein prosess som var nærast fullstendig fullført ved byrjinga av 1900-talet. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 21
Italiensk opera er både kunstforma opera i Italia og opera skriven på italiensk. Operasjangeren oppstod i Italia rundt år 1600, og italiensk opera har halde fram med å spela ei to viktig rolle innan forma sidan. Dafne (1597) av Jacopo Peri er den eldste komposisjonen ein reknar som ein opera etter dagens definisjon. Opera fekk ei viktig ny retning då han nådde Republikken Venezia, der det fyrste offentlege operahuset, Teatro di San Cassiano, blei opna i 1637. Mange kjende operaer på italiensk blei skrivne av utanlandske komponistar, som Händel, Gluck og Mozart. Verk av innfødde italienske komponistar frå 1800- og det tidlege 1900-talet, som Rossini, Bellini, Donizetti, Verdi og Puccini, er nokre av dei best kjende operaene skrivne nokon sinne, og blir framleis framførte ved operahus over heile verda. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 22
Otago-halvøya er ei lang, åskledd og oppriven fingerforma landtunge som utgjer den austlege delen av Dunedin på New Zealand. Ho er av vulkansk opphav, og dannar ei side i den eroderte dalen som no dannar Otago Harbour. Halvøya ligg søraust for Otago Harbour og går parallelt med kysten til Sørøya i 20 km. Ho er 9 km på det vidaste. Otago-halvøya er festa til fastlandet i sørvest med ei smal landtunge som er om lag 1,5 km vid.
Forstadane til Dunedin samlar seg i den vestlege enden av halvøya, og sju småbyar og lokalsamfunn ligg langs stranda mot Otago Harbour. Det meste av landet er tynt busett og består av bratte og opne beitemarker. Halvøya er tilhaldsstad for mange artar ville dyr, særleg sjøfuglar, selar, og pingvinar, og fleire økoturismeselskap er verksame i området. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 23
Lavskrikje (Perisoreus infaustus) er ein kråkefugl som førekjem i lavkledd barskog frå Noreg til austre Sibir, og er ein utprega standfugl innanfor utbreiingsområdet. Lavskrikja kan kjennast igjen på den gråbrune livlege fjørdrakta, og ho har ei klår rustraud farge på vengteikningane, stjerten, og overgumpen. Lavskrikja er kjent for å vere mykje uredd, og nærmar seg ofte til menneske i skogen for søk etter føde. Ho har òg spelt ei viktig rolle i folklore.
Lavskrikja er mindre enn dei fleste kråkefuglar, med ei gjennomsnittleg lengd på 26-29 centimeter, eit vengespenn på 40-46 centimeter og ei vekt på 80-95 gram. Den mykje iaugefallande fjørdrakta er gråbrun med ein brunsvart krone og rustraud overgump, liksom stjertsidene. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 24
Gabon er ein republikk ved ekvator i vestre Sentral-Afrika. Landet grensar til Kamerun, Republikken Kongo, Ekvatorial-Guinea og Atlanterhavet. Namnet på landet er ei fransk avleiing av Rio de Gabão, eit namn portugisiske utforskarar gav til Gabonelva fordi forma hennar minna om ei kappe med hette, portugisisk gabão.
I 2010 var Gabon eitt landa i Afrika med lågast folketettleik, med cirka 5 innbyggarar per km². Den høgaste folketettleiken var langs kysten og langs dei store elvane. Dei største byane i landet var hovudstaden Libreville og hamnebyen Port-Gentil. Til saman utgjorde innbyggarane i desse kring 35 % av befolkninga. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 25
Duane Eddy (1938–2024) var ein USA-amerikansk gitarist. Seint i 1950- og tidleg i 1960-åra hadde han ei rekkje hittar produserte av Lee Hazlewood. Desse songane hadde ein karakteristisk «twangy» stil, inkludert «Rebel Rouser», «Peter Gunn», og «Because They're Young». Han hadde seld 12 millionar plater innan 1963.
Eddy var den første rock and roll-gitaristen som fekk ein signaturmodell-gitar. I 1961 introduserte Guild Guitars Duane Eddy Models DE-400 og luksusutgåva DE-500. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1994, og Musicians Hall of Fame and Museum i 2008. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 26
Bading er det å senka kroppen ned i vatn for å vaska seg, oppleva velvære eller for leik, idrett eller underhaldning. Bading kan ha hygiene, rituelle eller terapeutiske føremål. Analogiar for bading kan vera omgrep som å «ta solbad» for å sola seg, eller omgrep som «å bada i» noko for å visa til at ein har overflod eller for mykje av det.
Ein kan bada på ulike stader der det finst ei viss mengd vatn, frå varmt til kaldt. Dette kan til dømes vera i eit badekar eller basseng, i ei elv, eit vatn eller i havet. Føremålet med badinga kan variera. Det kan til dømes vera eit rituale, som rituell reinsing eller dåp. Ein kan også bruka bading terapeutisk, som hydroterapi, eller for vanlege vaske- og fritidsaktivitetetar, som leik og symjing. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 27
Korint er ein by og kommune på Peloponnes i Hellas. Han er hovudstad i periferieininga Korinthía i periferien Peloponnes. I antikken var han ein bystat ved Korinteidet, eidet frå det greske fastlandet til Peloponnes. Vest for eidet ligg Korintbukta og i aust Saroniabukta. Korint ligg om lag 78 km sørvest for Aten. Den gamle byen (antikkens Korint, i dag ein landsby 3 km sørvest for den moderne byen) vart fullstendig øydelagt av eit jordskjelv i 1858. Den nye byen Korint vart grunnlagd på kysten ved Korintbukta.
I følgje segna vart byen grunnlagd av Korinthos, ein etterkomar av solguden Helios, medan andre segner fortel at han vart grunnlagd av gudinna Efyra, dottera til titanen Okeanos. Det gamle namnet på byen var Efyra. Ein har funne spor av at byen vart øydelagd rundt år 2000 fvt. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 28
Santa María de Óvila er eit tidlegare cisterciensar-kloster som blei bygd i Spania frå 1181 ved Tagus-elva nær Trillo i Guadalajara, rundt 140 km nordaust for Madrid. I dei neste fire hundreåra, under velstandstider, blei det vesle klosteret utvida og forbetra gjennom fleire ulike byggeprosjekt. Velstanden gjekk markant tilbake på 1800-talet, og i 1835 blei klosteret konfiskert av dei spanske styresmaktene og selt til private eigarar som brukte bygningane til vern for buskap.
Den amerikanske forleggjaren William Randolph Hearst kjøpte delar av klosteret i 1931 med tanke på å bruke steinane til å byggja eit stort og fantasifullt slott i Wyntoon i California, men etter at rundt 10 000 steinar var fjerna og sende, blei dei liggjande forlatne i San Francisco i tiår. Steinane er no på ulike stader rundtom i California: den gamle kyrkjeportalen blei reist ved University of San Francisco, og kapittelhuset blei sett saman att av trappistar ved Abbey of New Clairvaux i Vina. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 29
Åndalsnes stasjon er endestasjon på Raumabana, og opna då Raumabana stod ferdig i 1924. Stasjonen ligg i Åndalsnes i Rauma kommune, 114,2 kilometer frå Dombås stasjon. I 2011 reiste om lag 90 000 passasjerar til og frå Åndalsnes.
Raumabana var fram til 1970-talet hovudkommunikasjonsåra for person- og posttrafikken mellom Møre og Romsdal og Oslo. Frå Ålesund, Molde og Kristiansund gjekk det buss til togavgangane på Åndalsnes. Etter at det vart bygd flyplassar i Ålesund (1958) og seinare Kristiansund (1970) og Molde (1972), fekk jernbana sterk konkurranse om dei reisande. Låg banestandard og umoderne, nedslite materiell bidrog til at passasjertala fall kraftig frå 1970-talet og seinare. Dei låge passasjertala førte at talet på togavgangar vart redusert. I 1997 var det berre tre avgangar frå Åndalsnes. I 2024 køyrer fire avgangar dagleg mellom Åndalsnes og Dombås. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 30
Appenninane er ei fjellkjede som strekkjer seg 1000 km frå nord til sør langs austkysten av Italia. Ho går langs heile halvøya og dannar ryggraden i landet. Fjella har gjeve namn til Den apenninske halvøya (Den italienske halvøya), som utgjer mesteparten av Italia.
Appenninane er ei fortsetjing av den alpine fjellkjeda, men dei individuelle sonene i Alpane kan ikkje sporast inn i Appenninane. Fjella er stort sett dekte av grøn vegetasjon og skog, men den eine sida av den høgaste toppen, Corno Grande (2 912 m), er delvis dekt av den sørlegaste isbreen i Europa. Austsida som heller ned mot Adriahavet er bratt, medan vestsida dannar ei slette der dei fleste historiske byane i Italia ligg. Den totale lengda er om lag tusen kilometer og breidda er 80 til 140 km. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 31
Fontener i Roma omfattar tusentals av både store og små fontener. Fontener har gjeve drikkevatn og pryda torg i byen i over to tusen år. Mange av dei blei oppførte under renessansen og barokken. Nokre er monumentale praktverk, medan andre er små, kjeldeaktige innretningar med stille piplande vatn. Nasoni er små drikkevassfontener i jern med naseliknande piper som det finst rundt 2 500 av plasserte utover heile byen.
I romartida, i år 98, skal byen ifølgje konsul Sextus Julius Frontinus ha hatt ni akveduktar som førte til 39 monumentale fontener og 591 offentlege kjelder. I tillegg førte dei vatn til keisarhoffet, bad og private villaer. Kvar av dei større fontenene var knytte til to ulike akveduktar, i tilfelle ein av dei måtte stoppast for å gjera arbeid på han. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 32
Carta marina er eit kart utgitt i Venezia i 1539. Det er rekna å vera eit av dei tidlegaste karta over landa i Norden. Carta marina vart teikna av den svenske presten og kartografen Olaus Magnus, som arbeidde med kartet i kring tolv år fram mot 1539. Det finst berre eitt kjend tidlegare kart av Skandinavia: Skandia eller Schondia, teikna av geografen Jakob Ziegler i 1532.
Sjølv om kartet ikkje kan samanliknast med moderne kartografi, er Carta marina rekna for å vere eit av dei mest nøyaktige karta over Norden frå mellomalderen. Av større avvik frå den geografiske verkelegheita kan ein merke seg inkluderinga av øya Thule, ei mytisk øy frå gresk og romersk mytologi. På kartet finn ein også ei rekke illustrasjonar av dyr, natur og daglegliv i Norden. Nokre av desse viser også overnaturlege vesen, deriblant mange havmonster som kraker og sjøormar. Kartet er også dekorert med fire store kompassroser. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 33
Heliconia er ei slekt av dekkfrøplantar og den einaste slekta i familien Heliconiaceae. Dei fleste av dei om lag 194 kjende artane kjem frå tropiske delar av Amerika, men nokre få stammar frå nokre øyar i Vest-Stillehavet og Maluku i Indonesia. Mange artar i Heliconia veks i dei tropiske skogane i desse regionane. Dei fleste artane er anten rekna som sårbare eller utan nok data på den globale raudlista over truga artar. Fleire artar i slekta er utbreidde som prydplantar, og nokre få veks forvilla i Florida, Gambia og Thailand. Blomane dannar mykje nektar som tiltrekk pollinatorar. Dei vanlegaste av desse er kolibriar. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 34
Trias er ein geologisk periode som varte frå 251 til 199 millionar år sidan. Han er den første perioden i mesozoikum, kjem etter perm og vart etterfølgd av jura. Både starten og slutten på trias er markert av store masseutryddingar. Utryddingshendinga som lukka trias har nyleg vorte meir nøyaktig utrekna, men som med dei fleste eldre geologiske periodar er berglaga som definerer starten og slutten på perioden veldefinerte, men tidspunkta har ein feilmargin på eit par millionar år.
Under trias byrja både livet i havet og på land å flytte økologiske nisjar i den særs tynne biosfæren som var etter perm-trias-utryddinga. Korallane hexacorallia dukka første gong opp og dei første blomsterplantene kan ha utvikla seg under trias. Det same gjorde dei første flygande virveldyra, flygeøglene. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 35
Kenojuak Ashevak (1927–2013) var ein kanadisk kunstnar som var ein leiande figur innan moderne inuittisk kunst. Ho var ei av dei fyrste inuittkvinnene i Cape Dorset til å byrja å teikna. Ho nytta grafitt, fargeblyant og tusjpenn, og tidvis også plakatmåling, akvarell og akrylfarge. Ashevak laga mange utskjeringar i kleberstein og tusentals teikningar, etsingar, høgtrykk og andre trykk — alle ettertrakta av museum og samlarar. Ho laga fleire teikningar for kanadiske frimerke og myntar, og i 2004 var ho den fyrste inuitten til å utforma eit glasmåleri, for John Bell Chapel i Oakville i Ontario. 10-dollarssetelen frå 2017 som blei gjeven ut i høve 150-årsdagen til Canada, hadde Kenojuak sitt høgtrykk- og stensilverk Owl’s Bouquet i holografisk sølvfolie. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 36
Focus er eit nederlandsk progressivt rockeband skipa i Amsterdam i 1969 av klaverspelaren, vokalisten og fløytespelaren Thijs van Leer. Bandet har hatt fleire inkarnasjonar gjennom historia si. Sidan desember 2016 har bandet bestått av van Leer, trommeslagaren Pierre van der Linden, gitaristen Menno Gootjes og bassisten Udo Pannekeet. Tidlegare medlemmar har vore gitaristen Jan Akkerman, trommeslagaren Hans Cleuver og bassistane Martijn Dresden, Bert Ruiter og Bobby Jacobs. Gruppa har selt ein million plater i USA.
Opningssporet frå gjennombrotsalbumet Focus II, «Hocus Pocus», vart ein av dei mest kjende songane til gruppa, med eit attkjennande gitarriff og jodlinga, plystring og tullevokalen til van Leer som utvikla seg gjennom ein improvisert jam. Akkerman skreiv «Janis» som ei hyllest til Janis Joplin, og avslutningssporet «Eruption» strekkjer seg over 23 minutt og er delt inn i fleire delar inspirert av operaene Orfeo ed Euridice av Christoph Willibald Gluck og L'Orfeo av Claudio Monteverdi, med ein kombinasjon av rock, jazz og klassisk musikk. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 37
Fransk litteratur omfattar hovudsakleg verk skrivne på fransk og eldre former av språket. Frankrike har ein ubroten litterær tradisjon som går tilbake til 1100-talet, men byrjinga på eit fransk skriftspråk fann stad allereie på 800-talet. Strasbourg-eidane frå 842, som var gjevne av Karl den skalla og Ludvig den tyske, inneheld tekst på latin, gallo-romansk og frankisk, og er rekna som den første teksten på eit romansk språk som ikkje er latin. Eulalia-sekvensen frå rundt 880 er rekna som den første litterære teksten på eit romansk språk anna enn latin. Denne er inspirert av eit latinsk dikt om heilage Eulalia av Mérida, og ender med ei bøn. Dei første litterære tekstane på tidleg fransk er helgenlegender og dikt over bibelske motiv. Desse oppstod i eller kring kloster. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 38
Stokkebåt er ein båt laga av ein uthola trestamme, som oftast ein kanoliknande farkost. Konstruksjonsmetoden er grunnleggjande og har truleg vore kjend gjennom mange tusen år i store deler av verda. Han vert difor gjerne definert som sjølve urbåten. Stokkebåten har eksistert og vore i bruk gjennom tusen av år og heilt fram til våre dagar. I ikkje-industrialiserte delar av verda vert det enno laga og brukt nye stokkebåtar mange stader. I Norden blei det truleg laga stokkebåtar til langt inn på 1900-talet.
Den eldste båten i verda er Pessebåten, ein stokkebåt funnen i Nederland. Han er omkring 10 000 år gammal. Også i Norden er stokkebåtane dei første farkostane ein kjenner til. I Danmark er det funne ei rekkje stokkebåter, tre av dei omkring 6 000 år gamle. Desse var laga av lind og padleårene av ask. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 39
Gambiaelva er ei stor flod i Vest-Afrika. Ho er 1 130 km lang og har eit nedslagsfelt på 185 000 km². Elva har gjeve namn til landet Gambia, som ligg på begge breiddene av det nedre løpet hennar. Elva er dobbelt så lang som landet. Ho byrjar løpet sitt i Guinea, og renn så gjennom Senegal før ho når Atlanterhavet i Gambia. Gambia er den einaste elva i Vest-Afrika som er lett tilgjengeleg for havgåande skip. Om lag halve elva er seglbar.
Gambialeva spring ut på Fouta Djallon-platået nord i Guinea og renn vestover til Atlanterhavet. Frå Fouta Djallon renn elva nordvest inn i den senegalesiske Tambacounda-regionen, gjennom Niokolo-Koba nasjonalpark. Ho går inn i Gambia ved Fatoto. Rundt 100 km frå munningen vider ho seg gradvis ut til ho når ei breidd på over 10 km der ho renn ut i havet ved Banjul. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 40
Hainan er ein provins sør i Kina, ved Sør-Kina-havet. Han er den minste av alle provinsane i Kina. Haikou er hovudstad i provinsen. Kring hovudøya Hainan ligg om lag to hundre øyar fordelt på tre øygrupper utanfor sørkysten, landarealet på desse utgjer tre prosent av totalarealet i provinsen Hainan. Kina hevdar elles at dei sørlege Spratlyøyane og Paraceløyane høyrer med til Hainan. Hainan er ei av dei økonomiske spesialsonene som vart oppretta på slutten av 1980-åra, under den kinesiske leiaren Deng Xiaoping. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 41
Demeter er den olympiske gudinna for jordbruk i gresk mytologi, som har innverknad over avlingar, korn, mat og fruktbarheit på jorda. Ho er dotter av Kronos og Rhea, og syster til Zevs, Hera, Hestia, Hades og Poseidon. Dottera hennar er Persefone, som blei kona til Hades. Kjenneteikna til Demeter er kornaks og fakkel.
Sjølv om Demeter er mest kjend som korngudinne, er ho òg knytt til helse, fødsel og ekteskap, og hadde samband med underverda. I dei eldste framstillingane av Demeter er ho ei gudinne for korn og tresking, men funksjonane hennar blei utvida utover desse felta, og ho blei ofte identifisert med jordgudinna, Gaia. I dei eldre ktoniske kultane var jordgudinna knytt til underverda, og i dei hemmelege rita (mysteria) deler Demeter og Persefone den doble funksjonen død og fruktbarheit. Demeter er gjevaren av dei hemmelege ritane og gjevaren av lovene for korndyrking.
Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 42
Surfôr er fôr som er hausta ferskt og enten pressa til rundballar, eller plassert i ein silo. Fellesnemnaren er at fôret vert pakka saman og lufta pressa ut, og/eller innsprøytt ensileringsmiddel som fører til eit fall i pH og skapar eit miljø for bakteriar, som gjer fôret surare, og mykje mindre utsett for soppskadar. Det toler då lagringa mykje betre, utan at fôret blir øydelagt. Ensileringsmiddel vert sprøytt inn i fôret enten rett før det vert pressa, eller teke opp i vogn. Middelet fungerer best med høgt sukkerinnhald i fôret, noko ein får ved å hausta graset når det er tørt. Tårnsiloen var den opphavlege måten å konservera surfôr på, og i Noreg var han den dominerande typen fram til rundballpressene vart innførte. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 43
Skotsk musikk er musikk som stammar frå Skottland. Han er kjend for ein sterk folkemusikktradisjon, med song på skotsk gælisk og engelsk og musikkinstrument som fele, trekkspel og sekkepipe. Tonesette dikt av forfattarar som Robert Burns og Robert Louis Stevenson er utbreidde. Nokre kjende skotske melodiar er «Auld Lang Syne», «Flower of Scotland», «Scotland the Brave», «Scots Wha Hae», «The Skye Boat Song» og «Loch Lomond».
Musikklivet i nyare tid omfattar fleire kjende folk-rock-, pop- og rockeutøvarar som Cocteau Twins, Runrig, The Proclaimers, Eurythmics, Belle & Sebastian og Mogwai. Nokre kjende kunstmusikk-komponistar med skotsk tilknyting er Alexander Mackenzie, Judith Weir og Peter Maxwell Davies. Klassisk og kunstmusikk i Skottland blir mellom anna framført på den årlege tre veker lange Edinburgh International Festival, East Neuk Festival i Fife, Sound i Nordaust-Skottland og St Magnus Festival som blir halden på Orknøyane. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 44
Subotica er ein by og kommune i den sjølvstyrte provinsen Vojvodina nord i Serbia. Han ligg om lag 10 km frå grensa til Ungarn. Subotica er i dag den nest største byen i Vojvodina etter Novi Sad med oppunder 90 000 innbyggjarar. Det gjer han til den femte største byen i Serbia.
Subotica vart truleg først ein busetnad då folk frå nærliggande landsbyar øydelagde av tatarinvasjonane flytte hit i 1241–1242. Etter det avgjerande slaget mot tyrkarane ved Senta den 11. september 1697 vart Subotica ein del av Militærgrensa oppretta av Habsburgmonarkiet. Subotica utvikla seg gradvis frå ein rein garnisonsby til ein marknadsby med eigne byrettar i 1743. I 1779 gav keisarinne Maria Teresia av Austerrike byen status som fri kongeleg by. Dei entusiastiske innbyggjarane gav då byen namnet «Maria-Theresiopolis». Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 45
America er eit USA-amerikansk rockeband som vart skipa i 1970 av Dewey Bunnell, Dan Peek og Gerry Beckley. Dei tre medlemmane møtte kvarandre først i London, der dei byrja å halde konsertar i lag. America vart særleg populært i 1970-åra, og var kjent for dei tette harmonivokalane og den akustiske viserockstilen sin. Gruppa gav ut ei rekkje hitalbum og singlar, som vart spelt på mange radiostasjonar.
Bandet kom saman etter at medlemmane var ferdig med vidaregåande skule og fekk ein platekontrakt med Warner Bros. Records. Debuplata, America frå 1971, gav gruppa dei store hittane «A Horse with No Name» og «I Need You». I løpet av fire tiår har gruppa fortsett å spele inn musikk og dratt på turnear. America er innlemma i Vocal Group Hall of Fame og har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 46
Mesozoikum eller jorda si mellomtid er ein av tre geologiske æraer i eonet fanerozoikum. Mesozoikum ligg mellom paleozoikum og kenozoikum og tyder «mellomdyra», frå den greske forstavinga meso-/μεσο- for «mellom» og zoon/ζωον som tyder «dyr» eller «levande vesen». Han vert ofte kalla «Krypdyra sin tidsalder», etter dinosaurane som dominerte dyrelivet i æraen.
Kontinenta i mesozoikum dreiv sakte frå kvarandre etter å ha vore samla i saman og nærma seg den noverande konfigurasjonen. Kontinentaldrifta førte til artsdanning og andre viktige evolusjonsmessige utviklingslinjer. Klimaet var særleg varmt gjennom perioden og spelte ei viktig rolle for evolusjonen og mangfaldet til nye dyreartar. Mot slutten av æraen var i praksis det moderne dyrelivet på plass. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 47
Jaguarundi (Herpailurus yagouaroundi), eller oterkatt, er eit kattedyr som høyrer heime i Amerika. Utbreiingsområdet strekkjer seg frå det sentrale Argentina i sør til det nordlege Mexico, gjennom Sentral- og over store delar av Sør-Amerika aust for Andesfjella. Jaguarundien er ein middels stor katt med slank kroppsbygging. Farga er einsarta med to fargemorfar, grå og raud. Han har ein langstrekt kropp, med relativt korte bein, eit lite, smalt hovud, små, runde øyre, ein kort snute og ein lang hale, som minner om mårdyr i desse samanhengane. Han er omtrent dobbelt så stor som ein huskatt (Felis catus), når nesten 36 cm skulderhøgd, og veg 3,5–7 kg. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 48
Raumabana er ei 114,2 kilometer lang einspora jernbane som går mellom Åndalsnes stasjon ved Romsdalsfjorden i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke og Dombås stasjon i Dovre kommune i Innlandet fylke, der ho er knytt til Dovrebana mellom Oslo og Trondheim. Bana går soleis opp Romsdalen og gjennom fjellbygda Lesja kommune øvst i Gudbrandsdalen.
Raumabana er den einaste jernbana i Møre og Romsdal fylke og var fram til 1970-talet den viktigaste kommunikasjonsåra for person-, gods- og posttrafikk mellom Møre og Romsdal og hovudstaden. Etter at det vart bygd flyplassar i Ålesund (1958) og seinare Kristiansund (1970) og Molde (1972), fekk jernbana konkurranse om dei reisande som skulle til Oslo. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 49
Otti Berger (1898–1944) var ein ungarsk-jugoslavisk tekstilkunstnar av jødisk opphav. Ho utdanna seg ved Bauhaus i perioden 1927–1930 og var deretter verksam som lærar der i 1931–1932, som leiar for veveverkstaden. I 1929 var Berger elev ved Praktiska Vävnadsskolan i Stockholm der ho skreiv ei ni sider lang avhandling om svensk vevteknikk kalla Schwedische Bindingsleire, som seinare påverka den utgjevne vevelæreboka hennar Bindungslehre. Etter å ha avslutta kurset i Stockholm drog Berger til Noreg sommaren 1929, der ho fann inspirasjon i tradisjonstekstilar frå Sognefjorden og Hardanger.
Dei seinare åra til Berger var sterkt påverka av den antijødiske politikken til naziregimet, og ho levde ei tid i eksil i England før ho vende tilbake til heimlandet. Ho blei drepen i Auschwitz i 1944 under holocaust. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 50
Skogbonaden er ein biletvev frå mellomalderen som blei funnen ute av bruk og lagt vekk i Skog kyrkje i Hälsingland i Sverige i 1912. Han er no ved Statens historiska museum i Stockholm. Ein reknar med at teppet, som er tidfesta til 1200-talet, har vore nytta som veggteppe i ei mellomalderkyrkje som har stått i området kring Skog.
Teppet er 174 cm langt, 38 cm høgt i den venstre enden, smalnar til 35,5 cm på midten, og aukar i høgd att mot høgre, der eit om lag 16 cm langt stykkje er gått tapt. Det er vove i smettvev (soumak) med ull på kvit linbotn. Det er det siste dømet ein kjenner frå Sverige i denne eldgamle vevstilen. Skogbonaden er også ein av dei eldste tekstilane i Sverige med bruk av plantefargar. Les meir …
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 51
Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 51, 2024
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 52
Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 52, 2024
Vis -
Diskusjon -
historikk
- Veke 53
Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 53, 2024
Vis -
Diskusjon -
historikk
Arkiv: Utvalde artiklar: 2004 – 2005 – 2006 – 2007 – 2008 – 2009 – 2010 – 2011 – 2012 – 2013 – 2014 – 2015 – 2016 – 2017 – 2018 – 2019 – 2020 – 2021 – 2022 – 2023 – 2024
Diskusjonar: 2007 – 2008 – 2009 – 2010 – 2011 – 2012 – 2013 – 2014 – 2015 – 2016 – 2017 – 2018 – 2019 – 2020 – 2021 – 2022 – 2023 – 2024
I dag er det laurdag, 23. november 2024 – Oppdater sida