Alan Turing
Alan Turing | |||
| |||
Fødd | Alan Mathison Turing 23. juni 1912 Maida Vale, Warrington Lodge | ||
---|---|---|---|
Død | 7. juni 1954 Wilmslow | ||
Nasjonalitet | Storbritannia | ||
Område | Kryptoanalyse, datateknikk, matematikk, logikk, kryptografi | ||
Yrke | informatikar, matematikar, universitetslærar, kryptograf, logikar, statistikar, maratonløpar, AI-forsker | ||
Institusjonar | Victoria University of Manchester Government Communications Headquarters University of Cambridge National Physical Laboratory | ||
Alma mater | King's College Princeton University Sherborne School Hazlehurst Community Primary School | ||
Doktorgradsrettleiar | Alonzo Church | ||
Sambuar | Christopher Morcom | ||
Medlem | Royal Society |
Alan Mathison Turing (23. juni 1912–7. juni 1954) var ein britisk matematikar og logikar.
Turing er sett på som grunnleggaren av teoretisk datavitskap, spesielt på grunn av Church-turing tesen, og gjorde mykje arbeid med å formalisere kva det vil seie at noko er kalkulerbart med ein algoritme. Til dette brukte han det matematiske konseptet som seinare blei kjent som ein turingmaskin.
Under andre verdskrigen jobba Turing som kodeknekkar og var leiar for gruppa som knekte Enigma-koden ved Bletchley Park i England.
Turingtesten var ein test Turing fann på for å sjå om ein maskin kunne utvise menneskeleg intelligens. Testen, som berre reiknar intelligens på åtferdsnivået, er svært omdiskutert.[treng kjelde]
Etter krigen blei Turing dømd for homofili, som på den tida var straffbart i Storbritannia. Han mista tryggleiksklareringa si og blei tvungen til å ta hormonbehandling. Han døydde kort tid etterpå, mest truleg for eiga hand.