Ansgar Gabrielsen
Ansgar Gabrielsen | |||
Fødd | 21. mai 1955 (69 år) Mandal kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Far | Terje Gabrielsen | ||
Alle verv |
|
Ansgar Gabrielsen (fødd 21. mai 1955) er ein norsk politikar frå Mandal, som har representert partiet Høgre. Perioden 2001-05 var han statsråd i Bondevik II-regjeringa.
Gabrielsen var ordførar i Lindesnes i tida 1987–1993. 1989-90 var han samstundes formann i Vest-Agder Høgre og medlem av Høgre sitt sentralstyre. Han vart innvald på Stortinget for Høgre frå Vest-Agder i [1993, og hadde sete på Stortinget i 12 år. I den fyrste stortingsperioden var han medlem av sosialkomiteen, i den andre av næringskomiteen, samt valkomiteen. Frå oktober 2001 var han næringsminister i Kjell Magne Bondeviks nye regjering, ei stilling han hadde til 2004. I si tid som næringsminister fremja Gabrielsen eit lovforslag om minst 40% kvinnerepresentasjon i selskapsstyre. Forslaget fekk motbør, mellom anna frå partifellar, men vart vedteke med røyster frå opposisjonen på Stortinget. I 2004 vart han flytta over til helsedepartementet og var sjef for dette til Bondevik-regjeringa gjekk av hausten 2005. Gabrielsen tok ikkje attval til tinget i 2005.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ansgar Gabrielsen» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2013.
- Einskildmenn
- Fødde i 1955
- Norske helseministrar
- Høgrestatsrådar
- Statsrådar i Regjeringa Bondevik II
- Stortingsrepresentantar frå Høgre
- Stortingsrepresentantar for Vest-Agder
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Ordførarar i Lindesnes
- Høgreordførarar i Vest-Agder
- St. Olavs Orden
- Folk frå Lindesnes
- Folk frå Mandal