Hopp til innhald

CD-ROM

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit oppslagsverk i fleire band på papir kan få plass på éin cd-rom.

CD-ROM eller cd-rom (uttalt «sederom»), ei forkorting for Compact Disc - Read Only Memory, er ei CD-plate ein kan lagra store mengder data på.

Den vanlegaste lagringskapasiteten er 700 MB, men det finst CD-ROM med lagringskapasitet på opptil 1 GB. Dette tilsvarar ca. 700 diskettar eller 300 000 sider med tekst.