Dvergplanet
Dvergplanet er ein klasse objekt i solsystemet som blei innført av Den internasjonale astronomiske unionen i 2006.[1] Han er definert etter følgjande krav:
- (a) må vere i omlaup rundt sola
- (b) må ha nok masse til å danne eit tyngdefelt som er kraftigare enn stivlekam-kreftene, slik at han er i hydrostatisk likevekt og derfor har ei nær sfærisk form.
- (c) må ikkje har reinska område rundt omlaupsbanen sin
- (d) er ikkje ein måne
Uttrykket «dvergplanet» vart tatt opp i 2006 som ein del av ei ny klassifisering av lekamane som krinsar rundt sola. Lekamar som er store nok til at dei har reinska området i omlaupsbanen sin vert definert som «planetar», medan dei som er så små at dei ikkje er i hydrostatisk likevekt er definert som «smålekamar i solsystemt». Slik som uttrykket er definert her, gjeld det ikkje for andre planetsystem.[2]
Så langt har fem objekt fått dvergplanetstatus: Ceres, Pluto, Eris, Makemake og Haumea. Fleire lekamar kan leggast til lista seinare, når ein har funne ut om dei oppfyller krav (b).
Kjende dvergplanetar
[endre | endre wikiteksten]IAU (Den internasjonale astronomiske unionen) har offisielt identifisert tre himmellekamar som dvergplanetar: [3]
Namn | Ceres | Pluto | Eris |
---|---|---|---|
MPC-tal | 1 | 134340 | 136199 |
Område i Solsystemet | Asteroidebeltet | Kuiperbeltet | Indre Oortskya |
Diameter | 975×909 km | 2306±20 km | 2400±100 km |
Masse i kg samanlikna med jorda |
9,5×1020 kg ,00016 |
~1,305×1022 kg ,0022 |
~1,5×1022 kg (estimert) ,0025 |
Middelradius ved ekvator* i km |
0,0738 471 |
0,180 1148,07 |
0,19 ~1200 |
Volum* |
0,00042 |
0,005 |
0,007 |
Tettleik (i Mg/m3) | 2,08 | 2,0 | |
Gravitasjon ved ekvator (i m/s2) | 0,27 | 0,60 | |
Unnsleppingsfart (i km/s) | 0.51 | 1.2 | |
Rotasjonsperiode (dagar) (i siderale dagar) |
0,3781 | -6,38718 (retrograd) |
|
Omlaupsradius* (AE) hovudakse i km |
2,5-2,9 2,766 413 715 000 |
29,66-49,30 39,48168677 5 906 376 200 |
37,77-97,56 67,6681 10 210 000 000 |
Omlaupsperiode*(år) (i siderale år) |
4,599 | 248,09 | 557 |
Midla omlaupsfart (i km/s) |
17,882 | 4,666 | 3,437 |
Omlaupseksentrisitet | 0,080 | 0,24880766 | 0,44177 |
Omlaupsinklinasjon | 10,587° | 17,14175° | 44,187° |
Inklinasjon mellom ekvator og omlaupsbanen | 4° | 119,61° | |
Midla overflatetemperatur (i K) | 167 | 40 | 30 |
Månar | 0 | 3 | 1 |
Oppdaga | 1. januar, 1801 | 18. februar, 1930 | 5. januar, 2005 |
*Målt relativt til jorda.
I tillegg har ein fleire lekamar som kanskje kan kvalifisere som dvergplanetar. Blant desse trur eller veit ein at dei følgjande lekamane har diameter større enn 750 km:
Namn | Kategori | Diameter | Masse |
---|---|---|---|
Makemake | Cubewano | 1600 – 2000? km | ukjend |
Orcus | Plutino | 840 - 1880 km | 6,2 - 7,0 × ×1020 kg |
Sedna | Indre Oortskya | 1180–1800 km | 1,7-6,1 × ×1021 kg |
Haumea | Cubewano | ~ 1500 km | ~4,2 × ×1021 kg |
Quaoar | Cubewano | 989 - 1346? km | 1,0-2,6 × ×1021 kg |
Charon (Måne til Pluto) |
Plutino | 1207 km ± 3 km | (1,52±0,06)××1021 kg |
2002 TC302 | Indre Oortskya | ≤ 1200 km | ukjend |
Varuna | Cubewano | ~936 km | ~5,9 × ×1020 kg |
2002 UX25 | Cubewano | ~910 km | ~7,9 × ×1020 kg |
2002 TX300 | Cubewano | <900 km | ukjend |
Ixion | Plutino | <822 km | ukjend |
Statusen for Charon, månen til Pluto, er for tida usikker sidan det er ikkje finst ein klar definisjon på kva som er eit måne-planet-system og kva som er eit dobbelplanetsystem. Charon kan med tida verte rekna som ein dvergplanet fordi
- Charon har storleiken og forma som skal til for å få ein slik status.
- Charon er stor nok i forhold til Pluto til at dei roterer rundt eit felles barysenter i rommet mellom Pluto og Charon, i staden for rundt eit punkt på innsida av Pluto.
Dei andre, tredje og fjerde største asteroidane (Vesta, Pallas og Hygiea) kan verte klassifisert som dvergplanetar om det viser seg at forma deira er bestemt av hydrostatisk likevekt. Her har ein ikkje kome fram til konklusjonar enno.[4]
Storleikar og massar til dvergplanetar
[endre | endre wikiteksten]Dei øvre og nedre grensene for storleik og masse til ein dvergplanet er ikkje spesifisert i IAU sin resolusjon 5A frå 2006. Ein har strengt tatt ingen øvre grenser, og ein lekam som er større eller meir massiv enn Merkur kan vere ein dvergplanet om han ikkje har reinska området rundt omlaupsbanen sin.
Den nedre grensa vert styrt av kuleforma som hydrostatisk likevekt skapar, men kva storleik og masse ein lekam må ha for å få denne forma er ikkje definert, og empiriske observasjonar tydar at det varierer ut i frå samansettinga og historia til lekamen. Det opphavlege utkastet til IAU-resolusjon 5 definerte den hydrostatiske likevektesforma til å gjelde for «lekamar med masse over 5×1020 kg og diameter større enn 800 km»,[2], men dette vart ikkje tatt med i den endelege resolusjonen 5A som vart gjeve ut.
I følgje enkelte astronomar kan den nye definisjonen bety at ein får opp til 45 nye dvergplanetar.[5][6]
Reinsking av området rundt omlaupsbanen
[endre | endre wikiteksten]Ved å bruke parametrar utvikla av S. Alan Stern, Harold F. Levison, Steven Soter og andre astronomar kom det fram eit forslag om å skilje dvergplantar frå dei åtte andre planetane basert på at planetane har «reinska området rundt omlaupsbanen sin», altså har dei ikkje mindre lekamar i banen sin som kan føre til kollisjonar, som dei kan fange inn som månar, eller som kan føre til forstyrringar i gravitasjonen. Dette konseptet vert kombinert med konseptet om at masseforholdet mellom planeten og den kombinerte massen til alle lekamane i nærleiken vert dominert av planeten. Dvergplanetar har for liten masse til at dei kan påverke omgivnadane sine på liknande måte som ein planet.
Det er fleire andre teoriar som prøver å skilje ein planet og ein dvergplanet, men den noverande definisjonen gjeld for ein planet ved å bruke dette konseptet.
Stern et al. har introdusert ein parameter Λ, som uttrykker sannsynet for at ein lekam skal møte ein annan lekam som påverkar omlaupsbanen. Verdien av denne parameteren er proporsjonal til kvadratet av massen og omvendt proporsjonal med omlaupsperioden. Denne verdien kan brukast til å estimere kor stor sjans ein lekam har til å reinske området rundt omlaupsbanen. Stern og Levison fann eit sprang på fem storleiksordnar i Λ mellom dei minste terrestriske planetane og dei største asteroidane og lekamane i Kuiperbeltet:
Skilnadar mellom planetane | |||
---|---|---|---|
Lekam | Masse (MJ*) |
Λ/ΛJ** |
µ*** |
Merkur | 0.055 | 0.0126 | 9.1×104 |
Venus | 0.815 | 1.08 | 1.35×106 |
Jorda | 1.00 | 1.00 | 1.7×106 |
Mars | 0.107 | 0.0061 | 1.8×105 |
Ceres | 0.00015 | 8.7×10−9 | 0.33 |
Jupiter | 317.7 | 8510 | 6.25×105 |
Saturn | 95.2 | 308 | 1.9×105 |
Uranus | 14.5 | 2.51 | 2.9×104 |
Neptun | 17.1 | 1.79 | 2.4×104 |
Pluto | 0.0022 | 1.95×10−8 | 0.077 |
Eris | 0.005 | 3.5×10−8 | 0.10 |
*MJ i jordmassar.
**Λ/ΛJ = M2/P, i jordmassar kvadrert per år.
***µ = M/m, der M er massen til lekamen, og m er totalsummen av massane til alla andre lekamar som ligg i same område i omlaupsbanen.
Konflikt
[endre | endre wikiteksten]Fleire forskarar var ueinig[7] med IAU sin definisjon av ein dvergplanet.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ IAU 2006 General Assembly: Result of the IAU Resolution votes, arkivert frå originalen 7. november 2006, henta 21. januar 2007
- ↑ 2,0 2,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 22. august 2006, henta 21. januar 2007
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 7. november 2006, henta 21. januar 2007
- ↑ http://www.newscientistspace.com/article.ns?id=dn9761&feedId=online-news_rss20F53
- ↑ http://www.space.com/scienceastronomy/060816_planet_definition.html
- ↑ http://www.gps.caltech.edu/~mbrown/whatsaplanet/
- ↑ http://news.bbc.co.uk/2/hi/science/nature/5283956.stm
- Pressemelding frå IAU Arkivert 2006-08-20 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- BBC News: Q&A Forslag til nye planetar
Solsystemet |
---|
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris |
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen |
smålekamar: meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya) |
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet |