Egypt under ptolemearane viser til perioden mellom 332 f.Kr. og 30 f.Kr., då hellenske herskarar regjerte i Egypt. Aleksander den store hadde erobra Egypt i 332 f.Kr., og ein av generalane hans, Ptolemaios, fekk tittelen satrap i Egypt etter Aleksander sin død i 323 f.Kr. I 305 f.Kr. utropte han seg sjølv til kong Ptolemaios I, seinare kjend som «Soter» (frelsar), og etterkommarane hans er kjende som ptolemearane.
Egyptarane aksepterte ptolemearane som etterfølgjarar av faraoane av eit sjølvstendig Egypt. Ptolemaios sin familie herska over Egypt fram til romarane erobra landet i 30 f.Kr.Hellenismen, med gresk språk og kultur, hadde stor innverknad i Egypt i denne perioden.
Fleire av kongane delte makta med konene sine, som ofte også var systrene. Fleire dronningar herska over Egypt sjølv, den mest berømte av dei var Kleopatra VII (51–30 f.Kr.).