Gojko Kačar
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn |
Гојко Качар Gojko Kačar | ||
Fødd | 26. januar 1987 | ||
Fødestad | Novi Sad i Jugoslavia | ||
Høgd | 185 cm | ||
Posisjon | Midtbanespelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Hamburger SV | ||
Nummer | 44 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2003-08 2008-10 2010- |
Vojvodina Hertha Berlin Hamburg |
78 (16) 64 (10) 12 (1) | |
Landslag | |||
2006-09 2007- |
Serbia U21 Serbia |
16 (7) 22 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. januar 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 16. oktober 2010 |
Gojko Kačar (fødd 26. januar 1987 i Novi Sad i Vojvodina) er ein serbisk fotballspelar. Han har spela for Hamburger SV i tysk Bundesliga, og det serbiske landslaget.
Kačar begynte å spela fotball for FK Vojvodina i heimbyen Novi Sad. I januar 2008 gjekk han til Hertha Berlin, ifølgje media for 3 millionar euro, og vart dermed den dyraste spelaren i FK Vojvodina si historie. Før 2010/11-sesongen gjekk han vidare til Hamburg for 5,5 millionar euro.
I 2007 var Kačar med i Serbia sin tropp til U21-EM, der han spelte éin kamp. 7. september 2008 skåra han fem mål for U21-landslaget då dei slo Ungarn 8-0 i ein kvalifiseringskamp til U21-EM i 2009. Kačar spelte også i den meisterskapen, og også i sommar-OL i 2008. 24. november 2007 fekk Kačar, saman med ni andre debutantar, den første A-landskampen sin for Serbia i ein kvalifiseringskamp til fotball-EM i 2008 mot Kasakhstan.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 21. april 2010.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]