Hargeisa
Hargeisa | |||
hovudstad | |||
Land | Somaliland, Somalia | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Woqooyi Galbeed | ||
Areal | 33 km² | ||
Folketal | 760 000 (2015) | ||
Språk | Somali, arabisk og engelsk | ||
Tidssone | UTC +3 | ||
Hargeisa 9°33′56″N 44°03′38″E / 9.565556°N 44.060556°E | |||
Wikimedia Commons: Hargeisa |
Hargeisa (somali Hargeysa, arabisk هرجيسا, 'Vesle Harar') er hovudstad og den største byen i Somaliland, ein ikkje-anerkjend stat nord i Somalia. I Somalia er han den nest største byen.[1]
Ifølgje somaliske styresmakter ligg Hargeysa i Woqooyi Galbeed-regionen, medan han i somalilandsk praksis er hovudstad for Hargeisa-regionen. I 2015 rekna ein med at byen hadde noko om lag 760 000 innbyggjarar.
Hargeisa var kolonihovudstad i Britisk Somaliland frå 1941 til 26. juni 1960, og deretter hovudstad for den sjølvstendige Somaliland-staten fram til 1. juli same året, då området blei del av Somalia.
Byen blei lagt i ruinar av den somaliske diktatoren Mohammed Siad Barre og svigersonen Mohamed Said Hirsi (Morgan), også kalla «Slaktaren frå Hargeisa». Sidan 1991 har byen blitt gjenoppbygd.
Hargeisa har ein internasjonal flyplass med flysamband til mellom anna Addis Abeba, Djibouti og Dubai. Innan byen og mellom Hargeisa og andre byar er buss eit utbreidd transportmiddel.
Byen har fleire universitet og høgskular, mellom anna Universitetet i Hargeisa og Edna Adan universitetssjukehus.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Somalia: largest cities and towns and statistics of their population». world-gazetteer.com. Arkivert frå originalen 9. februar 2013. Henta October 19, 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Hargeisa» frå Wikipedia på bokmål, den 23. februar 2013.