Kingisepp
Kingisepp Кингисепп | |||||
---|---|---|---|---|---|
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Russland | ||||
Føderasjonssubjekt | Leningrad oblast | ||||
Grunnlagd Bystatus |
1384 1784 | ||||
Borgarmeister | Viktor Gesjele | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
44 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
50 167 1 140,2 /km² | ||||
Koordinatar | 59°22′00″N 28°36′00″E / 59.36667°N 28.60000°E | ||||
Høgd over havet | 20 moh. | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 188480–188487 | ||||
Retningsnummer (tlf) | (+7)81375 | ||||
Nettstad: www.kingisepp-mo.ru |
Kingisepp (russisk Ки́нгисепп eller Кингисе́пп), tidlegare Jamburg (russisk: Я́мбург) og Jama (russisk: Я́ма), er ein by i Leningrad oblast i Russland med om lag 50 000 innbyggjarar. Han ligg langs elva Luga, 137 km vest for Sankt Petersburg og 20 km aust for Narva.
Byen vart grunnlagd i 1384, då republikken Novgorod bygde ei festning mot svenskane der. Dei kalla ho Jama eller Jamskij Gorodok, etter ei finsk stamme som budde i området. Festninga stod imot omleiringar av Den tyske riddarordenen i 1395 og frå 1444 til 1448. På slutten av den livlandske krigen, vart han avstått til Sverige, men vart returnert tolv år seinare, i 1595. Etter freden i Stolbova hamna han igjen hos svenskene, som heldt på Jama som namn på byen.
I 1703 vart byen omsider erobra av russarane under den store nordiske krigen, etter først å ha vorte halde av russarane i ein månad seint i 1700. Russarane omdøypte byen Jamburg. Fem år seinare tildelte Peter den store byen til Aleksandr Mensjikov som hertug av Izjora. Bynamnet vart uendra til 1922, då bolsjevikane kalla opp byen etter den estiske kommunistleiaren Viktor Kingissepp. Byen må ikkje forvekslast med den estiske byen Kuressaare, som tidlegare heitte Kingissepa.
Venskapsbyar
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Kingisepp» frå Wikipedia på bokmål, den 18. januar 2009.