Maria Mutola
Maria Mutola | |
Statsborgarskap | Mosambik |
Fødd | 27. oktober 1972 (52 år) Maputo |
Idrett | friidrett, fotball |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988, Samveldeleikane 2002, Samveldeleikane 2006, Samveldeleikane 1998 |
Utmerkingar | Order of Eduardo Mondlane, 1st class |
Maria de Lurdes Mutola (fødd 27. oktober 1972) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Maputo i Mosambik som spesialiserte seg på 800 meter. I tida 1993-2003 vann ho tre VM-gull, eitt OL-gull, VM-sølv, OL-sølv og VM-bronse på spesialdistansen. Perioden 1991-2008 kvalifiserte ho seg til 13 av dei 14 VM-/OL-finalane på 800 meter, ein unik prestasjon i friidrettssoga.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Mutola deltok i Sommar-OL 1988, 15 år gammal, og rauk ut i forsøksløpet etter personbeste på 2.04,3. To år seinare vart ho afrikameister på 800 m. I 1991 fekk ho stipend ved ein skule i Springfield i Oregon og byrja gjere stor framgang. Ved friidretts-VM 1991 overraska ho stort og vart nummer fire på tida 1.57,63, fattige 0,13 sekund bak gullvinnaren.
Mutola vart verdsmeister fyrste gongen i 1993, ho var då heilt suveren på 800 meter. I 1994-sesongen gjorde ho unna sin snøggaste 800-meter då ho vann ei tevling i Zürich på tida 1.55,19. Året etter vart ho diskvalifisert i verdsmeisterskapen for å ha trakka ut av bana si i semifinalen. Mutola var storfavoritt under sommarleikane i Atlanta sommaren 1996, men var ikkje i si beste form og makta ikkje passere Svetlana Masterkova frå Russland og Ana Fidelia Quirot frå Cuba på oppløpet. Også i friidretts-VM i Aten året etter enda Mutola på bronseplassen på 800 m, Quirot vann.
I 1998 vann Mutola 800 m i Samveldeleikane. Ho vart så slått på målstreken av tsjekkiske Ludmila Formanová i VM 1999 i Sevilla. Hennar største stund på friidrettsbana kom då ho vann ein klar siger i 800-metertevlinga under Sommar-OL 2000 i Sydney. Store folkemengder møtte fram då ho kom heim til Maputo med gullmedaljen.
Både i 2001 og 2003 sikra Mutola seg gullmedaljen på 800 meter i verdsmeisterskapane. Under 800-meterfinalen i OL 2004 låg ho godt an til å forsvare OL-tittelen, men måtte sjå seg slått av tre løparar i spurten og hamna utanfor sigerspallen, 0,13 sekund bak den olympiske meisteren, britiske Kelly Holmes. Også ved friidretts-VM 2005 enda Mutola som nummer fire på 800 m. Ho tok seg til finale også i VM 2007 og OL 2008, utan å blande seg inn i hardaste medaljestriden.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1988 i Seoul: Utslått i kvalifiseringa (2.04,36 =nr 22)
- VM 1991 i Tokyo: Nr 4 – 1,57,63
- OL 1992 i Barcelona: Nr 5 – 1.57,49 og nr 9 på 1500 m – 4,02,6
- VM 1993 i Stuttgart: Gullmedalje – 1.55,43, framom Ljubov Gurina (1.57,10)
- VM 1995 i Göteborg: Diskvalifisert i semifinalen (nr 16)
- OL 1996 i Atlanta: Bronsemedalje – 1.58,71
- VM 1997 i Aten: Bronsemedalje – 1.57,59, bak Jelena Afanasjeva (1.57,56)
- VM 1999 i Sevilla: Sølvmedalje – 1.56,72, bakom Ludmila Formanová (1.56,68)
- OL 2000 i Sydney: Gullmedalje – 1.56,15, framom Stephanie Graf (1.56,64)
- VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje – 1.57,17, framom Stephanie Graf (1.57,20)
- VM 2003 i Paris: Gullmedalje – 1.59,89, framom Kelly Holmes (2.00,18)
- OL 2004 i Aten: Nr 4 – 1.56,51
- VM 2005 i Helsinki: Nr 4 – 1.59,71, bak Tatjana Andrjanova (1.59,60)
- VM 2007 i Osaka: Nr 8 – braut finalen
- OL 2008 i Beijing: Nr 5 – 1.57,68
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Maria Mutola» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2016.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1972
- Mosambikiske friidrettsutøvarar
- Mellomdistanseløparar
- Verdsmeistrar i friidrett
- Olympiske meistrar for Mosambik
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Mosambik
- Mosambikiske deltakarar under sommar-OL 1988
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988
- Mosambikiske deltakarar under sommar-OL 1992
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1996
- Mosambikiske deltakarar under sommar-OL 1996
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996
- Medaljevinnarar under sommar-OL 2000
- Mosambikiske deltakarar under sommar-OL 2000
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000
- Mosambikiske deltakarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Mosambikiske deltakarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008