Mark Lawrenson
Mark Lawrenson | |
Statsborgarskap | Irland, Storbritannia |
Fødd | 2. juni 1957 (67 år) Preston |
Idrett | fotball |
Utmerkingar | English Football Hall of Fame |
Mark Thomas Lawrenson (fødd 2. juni 1957) er ein irsk tidlegare fotballspelar frå Preston. Han var midtstoppar på Liverpool FC i tida 1981-88. Lawrenson spelte 39 landskampar for Irland.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Lawrenson fekk sin ligadebut med Preston i 1975. Sommaren 1977 vart han han, mot 100 000 pund, overført til Brighton. I 1979 var han med å sikre klubbens fyrste opprykk til 1. divisjon. Etter fire år i Brighton vart han Liverpool-spelar sommaren, mot ein kostnad på 900 000 pund. Fram til han la opp i 1988 var han med om å vinne europacupen 1984, den engelsk ligaen fem gongar, FA-cupen 1986 og ligacupen tre år på rad.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]I tida frå april 1977 til november 1987 deltok Lawrenson i 39 av Irlands landskampar. Han skåra 4 landslagsmål. Både då Irland vann 2 – 1 over Nederland i ein VM-kvalifiseringskamp i 1980, og slo Skottland 1 – 0 på bortebane i ein EM-kvalifiseringskamp i 1987, vart Lawrenson matchvinnar.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av Europacupen: 1984 for Liverpool FC
- Ligameister: 1982, 1983, 1984, 1986 og 1988 for Liverpool FC
- Vinnar av FA-cupen: 1986 for Liverpool FC
- Vinnar av den engelske ligacupen: 1982, 1983, 1984 for Liverpool FC
- Finalist i Europacupen: 1985 for Liverpool FC
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mark Lawrenson» frå Wikipedia på engelsk, den 5. november 2021.