Pantokrator
Utsjånad
- For fjellet, sjå Pandokrátor.
Pantokrator (gresk for ’den allmektige’) er ein bysantinsk kunsttype som syner fram Kristus som ein allmektig herskar.[1] Denne framstillinga finst vanlegvis i kuppelen eller apsiden av ei kyrkje. Jesus blir framstilt med stora auge, liten munn, smal nase og lange fingrar. Som oftast har han høgre hand løfta for å signa, og held ei utsmykka, oppslått bok i venstre hand.[1] Han har skjegg og hovudet er omgjeve av ein glorie.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «pantokrator». Nationalencyklopedin. Henta 2 september 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Pantokrator» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juli 2020.