Papegøyefamilien
Papegøyefamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Psittacimorphae |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Overfamilie: | Parakittar Psittacoidea |
Familie: | Papegøyefamilien Psittacidae Illiger, 1811 |
Papegøyefamilien (Psittacidae) er ein av fire familiar i ordenen papegøyefuglar (Psittaciformes). Familien inkluderer totalt ca. 36 slekter og ca. 180 artar, mange av dei nemnde «parakittar» på norsk. Gruppa inkluderer alle papegøyar i Sør- og Mellom-Amerika, så vel som to jakoar i Afrika og dei 10 afrikanske papegøyane i slekta Poicephalus. Fram til rundt 2014 var også alle andre afrikanske papegøyar og papegøyane i Asia og Australia klassifiserte i denne familien. Basert på genetiske data vart papegøyane frå «den gamle verda» skilt ut frå Psittacidae og utgjer per 2023 ein eigen familie Psittaculidae, parakittfamilien.[1][2]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Som andre papegøyar har dei eit sterkt, bua nebb, som ikkje berre blir brukt til å ete, men også som klatrehjelp, zygodaktyle føtter, og dei viser ofte ein slåande fargerik fjørdrakt, med grøne nyansar som dominerer hos mange artar. Dei varierer veldig i storleik, med hyasintara (Anodorhynchus hyacinthinus) på ca. 100 cm som den største arten og sporvepapegøyane (Forpus), ca. 12-13 cm er dei minste. Som alle papegøyar har dei eit komplekst sosialt system. Vokaliseringa deira er høg, ikkje-melodisk og skrikjande.[3]
Desse fuglane lever generelt i skog, på savannar eller andre grassletter med meir eller mindre tett trebestand, dei fleste i tropane og subtropane, nokre få også i tempererte klimasoner. Dei fleste vanlege papegøyar lever av frø og frukt. Dei held den ofte harde maten fast med ein fot og opnar han med det sterke, bua nebbet.[3]
Reproduksjon
[endre | endre wikiteksten]Medlemane i papegøyefamilien er monogame og begge foreldra tar omsut for ungane. Nesten alle i denne familien hekkar i ein eller annan type holrom, mest vanleg i eit holt tre. Viss ikkje eit tre er tilgjengeleg, kan reiret også byggjast i eit hol i bakken eller i eit holrom i ein termitthaug. Det einaste unntaket er munkeparakitt (Myiopsitta monachus), som byggjer store reir av små greiner og kvistar i tre. Eksisterande trehol blir ofte gjenbrukte, men dei fleste artar grev sjølv ut hola ved å fjerne rotnande treverk frå trestammar. Kulla består av eitt til maksimalt elleve egg, som blir ruga i 14 til 28 dagar. Ruginga startar straks det første egget er lagt, noko som betyr at det går ei viss tid mellom klekkinga av kvar unge og at dei dermed varierer i storleik. Kullstorleiken avheng av storleiken på hoa og stabiliteten til miljøet. Vanlegvis er det berre hoa som rugar, og hannen kjem med mat til henne i løpet av denne perioden. Hoa held fram med å varme ungane etter klekking og matast av hannen til dei første dunfjørene har vakse ut. Etter det vil begge foreldra mate ungane. Etter at ungfuglane er flygeferdige, er ungane til sporvepapegøyane (Forpus) omgåande fullstendig sjølvstendige, medan mange unge araer kan bli mata av foreldra i opptil eit år etter at dei har floge ut av reiret.[3]
-
Gulissepapegøye (Poicephalus meyeri)
-
Hyasintara (Anodorhynchus hyacinthinus)
-
Munkeparakitt (Myiopsitta monachus)
-
Tjukknebbparakitt (Rhynchopsitta pachyrhyncha)
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]- Sjå òg Papegøyefamilien/Kladogram.
Artsliste
[endre | endre wikiteksten]Slekter i papegøyefamilien etter IOC World Bird List V13.1, 2023.[4] Artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[5]
- Underfamilie Psittacinae, Afrika
- Slekt Psittacus, 2 artar
- Slekt Poicephalus, 10 artar
- Underfamilie Arinae, «den nye verda»
- Slekt Touit, 8 artar
- Slekt Psilopsiagon, 2 artar
- Slekt Bolborhynchus, 3 artar
- Slekt Nannopsittaca, 2 artar
- Slekt Myiopsitta, 2 artar
- Slekt Brotogeris, 8 artar
- Slekt Pionopsitta, brunøyrepapegøye, Pionopsitta pileata
- Slekt Triclaria, blåbukpapegøye, Triclaria malachitacea
- Slekt Pyrilia, 7 artar
- Slekt Hapalopsittaca, 4 artar
- Slekt Pionus, 8 artar
- Slekt Graydidascalus, korthalepapegøye, Graydidascalus brachyurus
- Slekt Alipiopsitta, solpapegøye, Alipiopsitta xanthops
- Slekt Amazona, 33 artar
- Slekt Forpus, 9 artar
- Slekt Pionites, 2 artar
- Slekt Deroptyus, kragepapegøye, Deroptyus accipitrinus
- Slekt Pyrrhura, 24 artar
- Slekt Enicognathus, 2 artar
- Slekt Cyanoliseus, graveparakitt, Cyanoliseus patagonus
- Slekt Anodorhynchus, 2 artar
- Slekt Rhynchopsitta, 2 artar
- Slekt Eupsittula, 5 artar
- Slekt Aratinga, 6 artar
- Slekt Cyanopsitta, brilleara, Cyanopsitta spixii
- Slekt Orthopsittaca, rustbukara, Orthopsittaca manilatus
- Slekt Primolius, 3 artar
- Slekt Ara, 8 artar
- Slekt Leptosittaca, gulduskparakitt, Leptosittaca branickii
- Slekt Ognorhynchus, guløyreparakitt, Ognorhynchus icterotis
- Slekt Guaruba, gullparakitt, Guaruba guarouba, Golden parakeet
- Slekt Diopsittaca, dvergara, Diopsittaca nobilis
- Slekt Thectocercus, blåhovudparakitt, Thectocercus acuticaudatus
- Slekt Psittacara, 12 artar
Blant 177 artar er 6 kritisk truga (CR), 16 sterkt truga (EN), 27 er sårbare (VU), 21 nær truga (NT) i tillegg til brilleara (Cyanopsitta spixii) som er utrydda i vill tilstand. Somme artar rekna som kritisk truga har ikkje vore observerte seinare åra.[6][4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger dels på «Eigentliche Papageien» frå Wikipedia på tysk, og dels på «Psittacidae» frå Wikipedia på engelsk, den 12. desember 2023
- Referansar
- ↑ Leo Joseph, Alicia Toon, Erin E. Schirtzinger, Timothy F. Wright & Richard Schodde (februar, 2012). «A revised nomenclature and classification for family-group taxa of parrots (Psittaciformes)» (PDF). Zootaxa 3205: 26–40. doi:10.11646/zootaxa.3205.1.2. Arkivert frå originalen (PDF) 11. desember 2023. Henta 12. desember 2023.
- ↑ «parakittfamilien» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 Winkler, D. W., S. M. Billerman, og I. J. Lovette (2020). New World and African Parrots (Psittacidae), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.psitta3.01
- ↑ 4,0 4,1 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (Januar 2023). «Parrots». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 12. desember 2023.
- ↑ Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 12. desember 2023.
- ↑ «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023.