Sanming
Sanming (kinesisk skrift 三明; pinyin Sānmíng) er eit byprefektur vest i provinsen Fujian i Folkerepublikken Kina, der det grensar mot provinsen Jiangxi. Byprefekturet har eit areal på 22 929 km² og 2 503 388 innbyggjarar i 2010.
Sanming ligg mellom fjellområda Wuyi Shan og Daiyun.
Byprefekturet Sanming omfattar to distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og ni fylke (县 xiàn).
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Kinas riksveg 205 passerer gjennom området. Han tek til i Shanhaiguan i Hebei og endar opp sør i Shenzhen i provinsen Guangdong. Undervegs er han innom mellom andre Tangshan, Tianjin, Zibo, Huai'an i Jiangsu, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou i Guangdong. Også Kinas riksveg 316 går gjennom området. Han fører frå Fuzhou i Fujian via Nanchang i Jiangxi og Wuhan i Hubei til Lanzhou i Gansu.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sanming» frå Wikipedia på bokmål, den 2. mai 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Sanming» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mai 2012.