Saransk
Saransk Саранск | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Russland | ||
Føderasjonssubjekt | Mordovia | ||
Grunnlagd Bystatus |
1641 1651 | ||
Borgarmeister | Vladimir Susjkov | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
72 km² | ||
Innbyggjarar - Totalt (2007) - folketettleik |
295 400 4 102,8 /km² | ||
Koordinatar | 54°11′0″N 45°11′0″E / 54.18333°N 45.18333°E | ||
Høgd over havet | 160 moh. | ||
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 430000–430034 | ||
Retningsnummer (tlf) | (+7)8342 | ||
Nettstad: www.adm-saransk.ru |
Saransk (russisk Сара́нск, mordvinsk Саран ош, Saran osj) er hovudstaden i Republikken Mordovia i Russland. Han ligg ved elva Insar, rundt 520 km aust for Moskva. I 2007 hadde han om lag 295 000 innbyggjarar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Busetnaden vart grunnlagd i 1641 som ei festning ved den søraustlege grensa til Russland. På 1700-talet vart fortet mindre militært viktig og Saransk vart ein handels- og industriby. I 1708 vart byen underlagt Azov gubernija og seinare Kazan gubernija. I 1780 vart byen underlagt det som i 1801 vart Penza gubernija. I 1893 nådde bygginga av jernbanen Moskva – Kazan fram til Saransk. I 1928 vart byen hovudstad i det nasjonale distriktet Mordovia, som i 1934 vart til den Mordoviske ASSR og i 1991 den autonome republikken Mordova. Sovjetiske byplanleggarar bygde om det gamle bysenteret på 1960- og 1970-talet, med vide gater og enorme bustadområde.
Næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Industrien i Saransk omfattar produksjon av elektriske kablar, kjemikaliar, dekorativt tøy, matprodukt, maskinbygging og metallarbeid. Byen har òg to varmekraftverk.
Flybasen Ljambir ligg 12 km nord for byen.
Transport
[endre | endre wikiteksten]Saransk har hatt ein jernbanestasjon siden 1893 og den ligg for tida ved Ruzajevka – Kazan-jernbanen. Byen ligg òg ved ein hovudveg. Saransk lufthamn, som ligg 7 km sør for byen, har flyruter med mindre fly.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Saransk har fleire teater: eit dramateater (grunnlagt i 1961), eit dokketeater og eit komedieteater. Byen har òg eit regionalt historisk museum og eit kunstmuseum.
Utdanning
[endre | endre wikiteksten]Mordovia Statlege Universitet (grunnlagt i 1957) ligg i Saransk, i tillegg til fleire tekniske skular.
Attraksjonar
[endre | endre wikiteksten]Byen har mange historiske arkitektoniske monument frå si tidlege historie.
Ein merkverdig struktur i Saransk er Saransk TV-tårn, ei 180 meter høg bardunert mast av røyrstål bygt i 1961, som har 8 tverrstykke med gangvegar på to nivå frå mastestrukturen til bardunane.