Strandzja
Strandzja (bulgarsk Странджа, òg skrive Strandja og Stranja; tyrkisk Yıldız Dağları eller Istranca) er eit fjellmassiv i søraustlege område av Bulgaria og den europeiske delen av Tyrkia, eller den søraustlege delen av Balkan mellom slettene i Thrakia i vest, låglandet nær Burgas i nord, og Svartehavet i aust. Den høgaste toppen er Mahya Dağ (bulgarsk Махиада, Mahiada) (1 031 m) i Tyrkia, medan det høgaste punktet i den bulgarske delen er Goljamo Gradisjte (710 m). Det totale arealet av massivet er om lag 10 000 km².[1]
Geografi og klima
[endre | endre wikiteksten]Klimaet i området er i stor grad påverka av Svartehavet, og er stort sett fuktig kontinentalklima i fjellene og fuktig subtropisk klima ved kysten. Store elvar i området er Veleka (147 km) og grenseelva Rezovska (112 km). Strandzja naturpark, som vart oppretta i 1995 i den bulgarske delen av fjellet, er det største verna området i Bulgaria med 1 161 km², eller om lag 1 % av den totale flatevidda i Bulgaria. Ein kan sjå om lag 50 % av plantelivet i Bulgaria i denne parken.
Historie og kultur
[endre | endre wikiteksten]Området var folkesett av thrakarar i antikken og inneheld i dag mange ruinar av thrakiske heilagdomar og offeralter, steindysser og andre arkeologiske lekamar.
Fjella var åstad for det bulgarske Ilinden-Perobrazjenie opprøret i 1903, som vart knust av ottomanske troppar. Den noverande grensa mellom Bulgaria og Tyrkia vart oppretta etter Balkankrigane i 1912-1913, då nordlege delar av Stradzja vart ein del av Bulgaria.
Kulturelt er den bulgarske delen av Stradzja kjend for ein spesiell arkitektur som ein kan sjå i Malko Tarnovo, Brasjljan og dei fleste andre landsbyar, med rike folkeminne og særprega ritual, slik som nestinarstvo (berrføtt dansing på glødande kol), som har mange heidenske element.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Strandzha frå Engelsk Wikipedia .
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- discoverstrandja.com
- Strandja.hit.bg Arkivert 2010-03-31 ved Wayback Machine.
- StrandjaVillage.com Arkivert 2007-03-28 ved Wayback Machine.