Tvinga migrasjon
Tvinga migrasjon er migrasjon på grunn av diskriminering av politiske, religiøse eller etniske årsaker; tvingande økonomiske årsaker (som til dømes at ein må flykte for å kunne tene til livets brød); eller miljøendringar som naturkatastrofar eller andre alvorlege miljøendringar som ikkje gjer det mogleg å leva der ein kjem frå. Omgrepet skil seg frå frivillig migrasjon.
Folk som av slike årsaker blir tvungne til å flykta blir ofte kalla for høvesvis konvensjonsflyktningar, økonomiske flyktningar og miljøflyktningar. Konvensjonsflyktningar kjem inn under FN sin høgkommissær for flyktningar (UNHCR) sitt ansvar og blir såleis prioritert og fordelt på land som har forplikta seg til å ta imot flyktningar. Å komme inn under FN sin definisjon for flyktning kan altså ha stor betydning. omgrepet miljøflyktning er eit relativt nytt omgrep som har komme med den generelle merksemda rundt miljøproblem i 1980-åra.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bilsborrow, Richard E. (2002): «Migration, Population Change, and the Rural Environment.» I Ecsp report nr. 8 sommaren 2002. [1] Arkivert 2004-03-19 ved Wayback Machine. (pdf-dokument)
- Birkeland, Nina M. (2000): «Forced migration and deslocados in the Huambo Province, Angola. Oslo»: Norsk Geografisk Tidsskrift. Vol 54, s. 110–115.
- Birkeland, Nina M. (2003): Migrasjon og miljø – Miljøflyktninger finnes de? Eksempel fra Huambo i Angola. Leksjon frå AFR 6002/1002 (Afrikastudier ved NTNU). NTNU: 08.03.2003.
- Fuglerud, Ø (2001): Migrasjonsforståelse. Flytteprosesser, rasisme og globalisering. Side 19–33. Oslo: Universitetsforlaget.