Villmark
Villmark og øydemark er ville naturområde som ikkje er synleg prega av teknologi og fysiske inngrep frå nyare tid (som vegar, kraftutbygging og liknande), også kalla «inngrepsfrie naturområde» og «urørt natur». Villmark er ikkje «urørt» i snever forstand, ettersom både kulturspor frå tidlegare bruk, fangst og jakt og liknande og dessutan tradisjonell hausting i form av beite og slått, kan vera ein viktig dimensjon her. Det kan også vera stader her som det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjonar til (som elles i landskapet). Til dømes vil eit haustingslandskap, det vil seia eit kulturlandskap, også kunne vera villmarksprega og «urørt», fordi det ikkje er ramma av nyare tekniske inngrep.
Noreg
[endre | endre wikiteksten]I februar 2024 la Naturrisikoutvalet fram ein rapport som anslo at det var 12 prosent villmark i Noreg.[1]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Naturrisikoutvalget: Vil stramme inn loven for å bevare natur i Norge». NRK (på norsk bokmål). 12. februar 2024. Henta 12. februar 2024.
- Denne artikkelen bygger på «Villmark» frå Wikipedia på bokmål, den 22. desember 2024.