William Shockley
William Shockley | |||
| |||
Fødd | 13. februar 1910 London i Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Død | 12. august 1989 (79 år) Stanford i California i USA | ||
Nasjonalitet | Amerikansk | ||
Område | halvleiarfysikk | ||
Yrke | fysikar, oppfinnar, universitetslærar | ||
Institusjonar | Bell Labs Stanford University Shockley Semiconductor Laboratory | ||
Alma mater | Caltech MIT | ||
Doktorgradsrettleiar | John C. Slater | ||
Kjend for | Medoppfinnar av transistoren | ||
Ektefelle | Jean Bailey, Emmy Lanning | ||
Medlem | National Academy of Sciences American Academy of Arts and Sciences American Physical Society | ||
Religion | Ateisme |
William Bradford Shockley (13. februar 1910–12. august 1989) var ein amerikansk fysikar.
I 1956 mottok han Nobelprisen i fysikk, saman med John Bardeen og Walter Houser Brattain, for å ha oppfunne transistoren.
Han var tilsett ved Bell Telephone Co. sitt laboratorium frå 1936 til 1942 og frå 1945 til 1955, då han vart direktør for Shockley-laboratoriet for elektriske halvleiarar ved Beckman Instruments, Inc., California, og frå 1963 til 1975 professor ved Stanford University. Shockley har gjeve viktige bidrag til forståinga av fysikalske tilhøve i elektriske halvleiarar. Han var leiar av den forskingsgruppa ved Bell-laboratoria som utvikla den første transistoren (spisskontakt-transistoren) i 1947 og flatekontakt-transistoren i 1951.
Shockley er òg kjend for undersøkingar av ferromagnetisme og av metall sine plastiske eigenskapar. Han har utgjeve mange vitskaplege og tekniske publikasjonar. Mest kjend er boka Electrons and Holes in Semiconductors.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- William Shockley. I Store norske leksikon.
- Delar av artikkelen bygger på «William Shockley» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2012.