Amanda er eit kvinnenamn som kjem av det latinske verbet amare som tyder ‘å elske’. Forma amanda og namnet Amanda, som er laga til dette verbet, tyder ‘den som bør elskast’.
Amanda (kvinnenamn)
Personar med namnet Amanda
Kulturell bruk
- Songen «Amanda fra Haugesund».
Kjende personar med namnet Amanda
Eit utval personar med namnet Amanda, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Amanda Seyfried (1985)
- Amanda Kurtović (1991)
Namnestatistikk
I 2022 var det 4 532 kvinner i Noreg som hadde Amanda som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 141 jenter som fekk namnet Amanda, og det var blant dei 50 mest populære jentenamna dette året.
Utvikling i bruk av namnet
Nokre trestava namn på -a hadde ein førebels topp i siste halvdel av 1800-talet, til dømes Andrea og Elida. Deretter fekk dei ein ny toppfase rundt år 2000. Dette gjeld også Amanda.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Amanda var mest brukt i Troms.
Les meir i Store norske leksikon
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.