Anna er eit gresk og latinsk kvinnenamn laga til det hebraiske ordet channa som tyder ‘nåde’.
Anna (kvinnenamn)
Personar med namnet Anna
Kulturell bruk
- Anna Karenina er hovudperson i Lev Tolstojs roman av same namn (1873–1877).
- «Anna i ødemarka» (1972), bestseljar av Dagfinn Grønoset.
Kjende personar med namnet Anna
Eit utval personar med namnet Anna, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Anna av Kleve (1515–1557)
- Anna (britisk dronning) (1665–1714)
- Anna Colbjørnsdatter (1665–1736)
- Anna Rogstad (1854–1938)
- Anna Pavlova (1881–1931)
- Anna Freud (1895–1982)
- Anna-Greta Eker (1928–2002)
- Anne-Marie (1946)
- Anna Politkovskaja (1958–2006)
- Anna Fiske (1964)
- Anna Netrebko (1971)
- Anna Bache-Wiig (1975)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Anna låg som nr. 1 på ranglista frå 1865 til 1917. Anna høyrer til ei gruppe tostava namn på -a med to toppfasar, den fyrste rundt år 1900, og den andre rundt år 2000 til dømes Laura, Emma, Selma, Ebba og Klara. Mellom desse to fasane, særleg i perioden 1955–1999, var tostava namn på -e meir populære, til dømes Bente, Tove, Hilde, Wenche, Hege, Hanne og Silje. Sidan år 1900 har Anne vore brukt 2,4 gongar meir enn Anna.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Anna var mest brukt i Hordaland.
Les meir i Store norske leksikon
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.