Benedicte er eit kvinnenamn. Det er ein stavevariant av Benedikte med opphav i det latinske Benedicta som er laga til adjektivet benedicta med tydinga ‘den velsigna’.

Namnet har fleire variantar: Bendikte, Benedichte, Benedickte, Benedicte, Benedicthe, Benedikte.

Kjende personar med namnet Benedicte

Eit utval personar med namnet Benedicte, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 740 kvinner i Noreg som hadde Benedicte som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 5 jenter som fekk namnet Benedicte.

Utvikling i bruk av namnet

Kvinnenamn med minst tre stavingar har oftast utanlandsk opphav. Til liks med namn på -a har mange namn på -e med minst tre stavingar fått ein popularitetstopp rundt år 2000, til dømes Irene, Merete, Cecilie, Vibeke, Jannicke, Kathrine, Marlene, Anine og Adele. Dette gjeld også Benedikte og varianten Benedicte. Men i motsetning til nokre av namna på -a har namna på -e i dei siste åra byrja å gå ned att. Sidan år 1900 har Benedicte vore brukt neste dobbelt så mykje som Benedikte.

Utvikling i bruk av namnet Benedicte frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Benedicte frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg