Bjarne (mannsnamn)
Personar med namnet Bjarne
Kulturell bruk
- Kjell Bjarne er kameraten til Elling i Ingvar Ambjørnsens Elling-bøker.
Kjende personar med namnet Bjarne
Eit utval personar med namnet Bjarne, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Bjarne Erlingsson av Giske og Bjarkøy (1250–1313)
- Bjarne Eriksen (norsk industrimann) (1886–1976)
- Bjarne Øen (1898–1994)
- Ørnulf Bjarne Bast (1907–1974)
- Bjarne Brunsvik (1918–1993)
- Bjarne Bjørndal (1922)
- Bjarne Nerem (1923–1991)
- Bjarne Røtterud (1929–2011)
- Bjarne Håkon Hanssen (1962)
- Bjarne Melgaard (1967)
- Bjarne Nikolai Huus (1995)
Namnestatistikk
I 2022 var det 4 283 menn i Noreg som hadde Bjarne som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 6 gutar som fekk namnet Bjarne.
Utvikling i bruk av namnet
Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Bjarne hadde toppfasen sin 1910–1919. Døme på andre namn på -e med toppfase i fyrste halvdel av 1900-talet er Arne, Kåre, Magne og Sverre.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Bjarne var klart mest brukt i Kristiania og Bergen.
Les meir i Store norske leksikon
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.