Else er eit kvinnenamn som er dansk og tysk kortform av Elisabet.
Else (kvinnenamn)
Personar med namnet Else
Kulturell bruk
- Forteljinga «Else» (1881) av Alexander Kielland.
Kjende personar med namnet Else
Eit utval personar med namnet Else, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Else Poulsson (1909)
- Else Hertzberg (1911)
- Else Hagen (1914)
- Else Marie Jakobsen (1927)
- Else Dehli (1932)
- Else Michelet (1942)
- Else Bugge Fougner (1944)
- Else Mundal (1944)
- Else Berit Eikeland (1957)
- Else Marie Hagen (1963)
- Else-May Norderhus (1973)
- Else-Marthe Sørlie Lybekk (1978)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Else skil seg ut frå andre tostava namn på -e ved at namnet hadde ein tidleg toppfase – i motsetning til dei fleste namna av denne typen som var på topp innanfor perioden 1955–1999, til dømes Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Rikke og Silje. Elsa var mest brukt i perioden 1915–19, Else litt seinare (1925–1929). Sidan år 1900 har Else vore brukt nesten tre gongar meir enn Elsa.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Les meir i Store norske leksikon
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.