Gerda er eit kvinnenamn som vart tatt i bruk i Noreg i 1850. Namnet er ei nyare litterær a-utviding av Gerd, formidla av N.F.S. Grundtvig i «Nordens Mytologi» (1808).
Gerda (kvinnenamn)
Personar med namnet Gerda
Fyrste namneberar
Den fyrste som vart registrert med namnet, kan ha vore Gerda Bang fødd 1847 i Drammen, busett i Kristiania i 1900. Ho var døypt Gerharda, og det er usikkert når kortforma Gerda vart tatt i bruk på henne.
Kulturell bruk
- Gerda er kjent gjennom Esaias Tegnérs dikting («Gerda»).
- Gerda i H.C. Andersens eventyr «Snedronningen» (1844).
Kjende personar med namnet Gerda
Eit utval personar med namnet Gerda, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Gerda Johannesen Riis (1884–1959)
- Gerda Ring (1891–1999)
- Gerda Knudsen (1899–1945)
- Gerda Antti (1929)
Namnestatistikk
I 2022 var det 502 kvinner i Noreg som hadde Gerda som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Gerda er blant dei tostava namna på -a som nådde toppen rundt år 1900. Andre døme er Arna, Berta, Erna, Gerda, Magda, Olga og Ragna. I motsetning til for eksempel Emma, Ella, Ebba, Laura og Klara fekk ikkje namna i den fyrste gruppa ein ny topp rundt år 2000. Dette kan mellom anna ha samanheng med at dei har ein meir komplisert konsonantstruktur i innlyd – jamfør [rd] i Gerda med [r] i Laura.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Gerda var klart mest brukt i Bergen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.