Halfdan er eit mannsnamn som kjem av norrønt Halfdanr. Det er eigentleg eit tilnamn med tydinga ‘halvt dansk’.

Namnet vart fyrst brukt i Danmark.

Namnet har fleire variantar: Halfdan, Halftan, Halvdan.

Kjende personar med namnet Halfdan

Eit utval personar med namnet Halfdan, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 261 menn i Noreg som hadde Halfdan som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Halfdan kan reknast blant dei namna som inngår i den nordiske namnerenessansen. Dette namnet er til dømes brukt av forfattarar som Oehlenschläger og Grundtvig, og det var forma Halfdan (ikkje Halvdan) som stod i tidlege Snorre-omsetjingar på 1800-talet. Namnet fekk eit tidlegare oppsving enn dei fleste andre renessansenamna, men elles har det ein kurveprofil som liknar på desse namna. Stavemåten Halvdan har for få belegg til å bli representert med kurve.

Utvikling i bruk av namnet Halfdan frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Halfdan frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Halfdan på 1800-talet.

Halfdan var klart mest brukt i Bergen. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Halfdan fyrst innpass i byen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Halfdan på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Halfdan var klart mest brukt i Bergen. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Halftan.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Halfdan fyrst innpass i byen.

Historisk bruk av namnet Halfdan
Historisk bruk av namnet Halfdan
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg