Kina er ein sentralstyrt stat som har 22 provinsar (23 om ein reknar med Taiwan), fem sjølstyrte områder, fire bykommunar direkte underlagde staten (Beijing, Shanghai, Tianjin, Chongqing), og to spesielle administrative regionar; Hong Kong og Macao.
Kina har vore republikk sidan 1911, då det siste keisardynastiet blei avsett, og folkerepublikk sidan 1949 etter at Kinas kommunistparti (KKP) tok makta etter ein borgarkrig.
Statsapparatet er basert på to maktstrukturar som ein finn i alle nivå i den administrative inndelinga: Kinas kommunistparti (KKP) og folkekongressane med regjerings- og administrasjonsapparatet. Alle avgjersler av betydning blir tekne i partiapparatet, medan folkeforsamlingane på dei ulike nivåa (lokalt, regionalt og nasjonalt) i all hovudsak fungerer som sandpåstrøingsorgan.
KKPs leiarskap er nedfelt i den kinesiske grunnlova. Nokre mindre parti har vore tilletne så lenge dei støttar KKP og ikkje utfordrar makta. KKP er verdas største politiske parti, med om lag 90 millionar medlemmer (om lag sju prosent av folketalet); i praksis er alle i det leiande skiktet innan regional og sentral styring, næringsliv og kulturliv partimedlemer. Partiet rommer mange ulike oppfatningar om samfunn, økonomi og kultur. Hu Jintao var president og statsoverhovud i Kina frå 2003; Xi Jinping overtok i mars 2013.
Tidlegare var det nedfelt i grunnlova at Kinas president ikkje kunne sitje lenger enn to femårsperiodar, men denne avgrensinga blei fjerna i 2018. Xi Jinping kan dermed bli sitjande som president på ubestemt tid.
Sidan 2004 har det vore nedfelt i den kinesiske grunnlova at staten respekterer og beskyttar menneskerettane. Landet får likevel kritikk frå organisasjonar og andre statar for alvorlege og systematiske brot på mange menneskerettar.
Ytrings-, forsamlings- og organisasjonsfridomen er sterkt avgrensa, og både tradisjonelle og sosiale medium er underlagt statleg kontroll. Utøving av religion er regulert av staten, domstolane er ikkje uavhengige, og overvakinga av innbyggjarane er omfattande, mellom anna gjennom moderne teknologi for ansiktsattkjenning. Samfunnskontrollen er sterkare i minoritetsregionar som Tibet og Xinjang enn andre stader i landet.
I kraft av si særeigne styreform hadde Hongkong inntil nyleg svært høg grad av fridom og rettstryggleik, men sidan 2020 har styresmaktene i Beijing stramma grepet om byen og innført mellom anna ei tryggingslov som snevrar inn ytringsfridomen og andre sivile rettar.
Kina har verdas største hær (målt i talet på soldatar), med om lag to millionar soldatar i dei ståande styrkane til saman i alle våpengreiner. Landet har tradisjonelt vore prega av ei tilbakehalden og til tider isolasjonistisk haldning til omverda; prinsippet om ikkje-innblanding står sterkt i Kinas utanrikspolitikk.
Kina har vore fast medlem av FNs tryggingsråd sidan 1971, då det tok over plassen frå Republikken Kina/Taiwan. Kina har vore medlem av Verdshandelsorganisasjonen (WTO) sidan 2001, og økonomien i Kina har følgeleg blitt sterkt integrert i verdsøkonomien.
Kina er medlem av FN og FNs særorganisasjonar, blant anna Verdsbanken; elles av blant anna APEC.
Kommentarar (1)
skreiv Trond K.
"Kina er verdas mest folkerike land"
"[...] 1,425 775 850 milliarder i 2023. India er dermed verdens mest folkerike land og har passert Kina."
https://snl.no/India
https://www.worldometers.info/world-population/
.
"[...] verdas tredje største i totalt flateinnhald etter Russland og Canada."
1. Russland 17 098 250 km²
2. Canada 9 984 670 km² https://snl.no/Canada
3. USA 9 831 510 km² https://snl.no/USA
4. Kina 9 562 911 km² https://snl.no/Kina
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.