Ottossons forsking knyter seg særleg til islandsk og norrøn verbalmorfologi og syntaks. Doktoravhandlinga, The Icelandic Middle Voice. The Morphological and Phonological Development (1992), tar for seg utviklinga av den mediopassive verbforma frå dei eldste norrøne kjeldene og fram til moderne islandsk. Hovudvekta ligg på å forstå utviklinga av formene i 1. person eintal og 1. person fleirtal, der Ottosson kombinerer både reint lydlege (fonologiske) og morfologiske faktorar for å forklare utviklinga.
Eit anna større arbeid om verbalbøying er artikkelen «Utviklinga av person- og numerusbøyinga av verb i gammalnorsk og mellomnorsk» (2003) som byggjer på grundige studium av norske mellomalderhandskrift, særlig diplom frå seinmellomalderen, der Ottosson etablerer ein sikrare relativ og absolutt kronologi for dei endringane som skjer på vegen frå gammalnorsk til nynorsk språkform.
Ein heilt annan del av språkhistoria er tema for monografien Íslensk málhreinsun. Sögulegt yfirlit (= Islandsk purisme. Historisk oversyn, 1990) som tar opp alle aspekt av islandsk purisme, både når det gjeld uttale, bøying, syntaks og ikkje minst ordforråd, heilt frå reformasjonen og fram til i dag. Boka blei publisert av det islandske språkrådet (Íslensk málnefnd) og har blitt standardverket om islandsk purisme. Ho ble trykt opp att i 2009.
Ottosson har også skrive innsiktsfullt om faghistoria til nordistikken og den metodologien som er i bruk i faget. Særleg er det grunn til å framheve den grundige artikkelen «Den isländska språkhistoriens primärkällor och deras användning eller är historisk lingvistik möjlig utan filologi?» (1988), som han skreiv mens han var i Lund og arbeidde med doktoravhandlinga. Dette er ein presis og uttøymande gjennomgang av kjeldene til islandsk språkhistorie og ein diskusjon om korleis dei best bør utnyttast, med eit vell av observasjonar og kritiske merknader.
Da Kjartan Ottosson saman med kollegaer frå Island publiserte boka Linguistic Studies, Historical and Comparative med artiklar av Hreinn Benediktsson (1928–2005), professor i islandsk språkhistorie ved Islands universitet, skreiv han eit innleiingskapittel om Hreinn Benediktssons vitskaplege forfattarskap på heile 67 sider. Der nytta han høvet til å «acknowledge my indebtedness to Hreinn Benediktsson, who has taught me more than any other teacher».
Med studieopphald både i Tyskland, Sverige og USA publiserte Ottosson både på tysk, engelsk, svensk og norsk – i tillegg til på sitt eige morsmål islandsk. Hans norske språk var nynorsk. Etter ei tid i Noreg søkte han – og fekk – norsk statsborgarskap og fjerna samtidig den islandske aksenten i patronymikonet Ottósson.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.