Lina er eit kvinnenamn som er kortform av namn som endar på -lina, til dømes Karolina og Nikolina.

Namnet har fleire variantar: Lina, Line, Linne.

Kjende personar med namnet Lina

Eit utval personar med namnet Lina, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 3 185 kvinner i Noreg som hadde Lina som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 46 jenter som fekk namnet Lina.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste kortformene på -ina var mest brukte i 1870-åra. I tillegg til Lina gjeld dette Dina, Gina og Mina. Alle desse fire namna fekk ein ny topp rundt år 2000. På 1800-talet var dei klart meir brukte enn parallellformene på -ine (Line, Mine og fleire), sjølv om til dømes Lina og Mina var laga til dei dominerande fullformene på -ine, til dømes Karoline og Wilhelmine. Mens Lina var på topp 1870–74, vart Line derimot eit populært namn frå 1960-åra, og i 1975 var dette namnet nummer 9 på ranglista. Det er utan tvil romanen «Line» (1959) av Axel Jensen som ligg bak den bratte stigninga utover i 1960-åra. Boka vart filmatisert i 1961.

Utvikling i bruk av namnet Lina frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Lina frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lina på 1800-talet.

Lina var klart mest brukt i Akershus og Hedmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lina på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Lina var klart mest brukt i Akershus og Hedmark.

Historisk bruk av namnet Lina
Historisk bruk av namnet Lina
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg