Liv er eit kvinnenamn som kjem av det norrøne namnet (H)líf som er laga til ordet hlíf som tyder ‘vern’. Namnet Liv vart tidleg assosiert med ordet liv.

Namnedag er 2. oktober. Live har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Liv

Eit utval personar med namnet Liv, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 22 339 kvinner i Noreg som hadde Liv som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Liv var det sjette mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 67 jenter som fekk namnet Liv.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste namna med berre éi staving er nordiske. I tillegg til Liv – med topp 1940–1944 – gjeld dette til dømes Aud, Bjørg, Gerd, Gro, Gry, Gunn, Siv og Unn. Dei fleste har – som Liv – ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1935–1974.

Utvikling i bruk av namnet Liv frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Liv frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Liv på 1800-talet.

Liv var klart mest brukt i Telemark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Liv på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Liv var klart mest brukt i Telemark.

Historisk bruk av namnet Liv
Historisk bruk av namnet Liv
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg