Magna er eit kvinnenamn som kan vere avleidd av mannsnamnet Magnus. Namnet kan også vere kortform av Magnhild.
Magna (kvinnenamn)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 1500 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Magna som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Magna er blant dei tostava namna på -a som nådde toppen rundt år 1900. Andre døme er Arna, Berta, Erna, Gerda, Magna, Olga og Ragna. I motsetning til for eksempel Emma, Ella, Ebba, Laura og Klara fekk ikkje namna i den fyrste gruppa ein ny topp rundt år 2000. Dette kan mellom anna ha samanheng med at namna i den fyrste gruppa har ein meir komplisert konsonantstruktur i innlyd – jamfør [gd] i Magda med [r] i Laura.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Magna var mest brukt i Troms.
Les meir i Store norske leksikon
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.