Nina er eit kvinnenamn som truleg har russisk bakgrunn, som kortform av Antonina eller som kjæleform av Anna.
Nina (kvinnenamn)
Personar med namnet Nina
Fyrste namneberar
Den fyrste som vart registrert med namnet, kan ha vore Nina Karlsen fødd 1816 i Søndre Land (Oppland), busett i Kristiania i 1900. Ho var døypt Nicoline, og det er usikkert når Nina vart tatt i bruk på henne.
Kulturell bruk
- Nina i «Måken» (1895) av Anton Tsjekhov
- Nina Skåtøy i «Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land» (1982) av Dag Solstad, filmatisert 2006.
- Songen «Svantes lykkelige dag» av Benny Andersen. I denne songen skriv han bl.a.: «Nina er gået i bad, jeg spiser ostemad».
Kjende personar med namnet Nina
Eit utval personar med namnet Nina, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Nina Grieg (1845)
- Nina Arkina (1892)
- Nina Simone (1933)
- Nina Karin Monsen (1943)
- Nina Sundbye (1944)
- Nina Frisak (1950)
- Nina Malterud (1951)
- Nina Björk (1967)
- Nina Woxholtt (1967)
- Nina Wester (1974)
- Nina Jensen (1975)
- Nina Lykke
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Frå 1930 til 1990 var tostava namn på -e gjennomgåande meir populære enn dei tostava på -a, til dømes Hanne, Hege, Hilde, Lene, Lise, Marte, Mette, Rikke, Silje, Tove, Trude, Vilde og Wencke. Men dette gjeld ikkje det russiske Nina med topp 1965–1969. Andre unntak på -a er Eva, Laila, Linda, Mona, Pia – og dei russiske Aina, Anja, Sonja, Tanja og Vera. Nina inngår altså i den siste gruppa.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Nina var mest brukt i Hedmark.
Les meir i Store norske leksikon
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.