Oddmund kan reknast som eit nylaga mannsnamn, med Odd frå til dømes Oddbjørn og -mund frå til dømes Åsmund. Oddmund kan også ha oppstått ved omtolking av Ommund som går tilbake til Ogmund eller Åmund.

Namnet har fleire variantar: Oddmund, Oddmunn, Odmund.

Namnedag er 15. juli. Oddrun har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Oddmund

Eit utval personar med namnet Oddmund, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 111 menn i Noreg som hadde Oddmund som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Oddmund høyrer til ei stor gruppe samansette nordiske namn som hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1969. I tillegg til Oddmund, som var på topp i 1930-åra, gjeld dette til dømes Arnfinn, Arnulf, Asbjørn, Dagfinn, Gudmund, Jostein, Kolbjørn, Oddbjørn, Oddvar, Ragnvald, Sigmund og Torbjørn.

Utvikling i bruk av namnet Oddmund frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Oddmund frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Oddmund på 1800-talet.

Oddmund var klart mest brukt i Hordaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Oddmund på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Oddmund var klart mest brukt i Hordaland. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Odmund.)

Historisk bruk av namnet Oddmund
Historisk bruk av namnet Oddmund
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg