Pauline er eit kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Paul.
Pauline (kvinnenamn)
Kjende personar med namnet Pauline
Eit utval personar med namnet Pauline, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Pauline Bonaparte (1780–1825)
- Pauline Brunius (1881–1954)
- Pauline Smith (1882–1959)
- Pauline Hall (1890–1969)
- Anbjørg Pauline Oldervik (1918–2020)
- Pauline Kael (1919–2001)
- Pauline Ferrand-Prévot (1992)
Namnestatistikk
I 2022 var det 552 kvinner i Noreg som hadde Pauline som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 8 jenter som fekk namnet Pauline.
Av dei som heitte Pauline i perioden 1900–2017, var det 83 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Pauline. Dette inneber at 17 prosent hadde Pauline som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
På 1800-talet fungerte namn på -ine som oppkallingsnamn etter mannlege slektningar, til dømes Oline etter Ole og Pauline etter Paul. Slike namn var svært populære midt på 1800-talet. Denne oppkallingsskikken gjekk sterkt tilbake på 1900-talet. Pauline har fått eit svakt oppsving rundt år 2000, men dette kan ikkje tolkast som oppatt-taking av denne skikken. Snarare kan Pauline tolkast som oppkalling etter ein eldre kvinneleg slektning.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Pauline var mest brukt i Hedmark og Nord-Trøndelag. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Pouline.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.