Paulus er eit mannsnamn som er laga til det latinske adjektivet paulus som tyder ‘liten’. Namnet var eit romersk slektsnamn.
Paulus (mannsnamn)
Personar med namnet Paulus
Kulturell bruk
- Paulus Hove i dramaet «Læraren» (1896) av Garborg.
Kjende personar med namnet Paulus
Eit utval personar med namnet Paulus, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Paulus Diaconus (725–795)
- Paulus Potter (1625–1654)
- Paulus Svendsen (1904–1989)
- Paulus Utsi (1918–1975)
- Paulus Hochgatterer (1961)
- Paulus (apostel)
- Paulus Orosius
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 110 menn (fødde i Noreg) som hadde Paulus som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Paulus var mest brukt i Telemark.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Windt-Val, Benedicta 2012: Fra [Pollemann] til [Paulus]. Navnenes betydning i Sigrid Undsets konversjonsromaner. [Namn og Nemne 29].
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.