Faktaboks

Rasmus Hansson

Rasmus Johan Michael Hansson

Fødd
4. september 1954, Oslo
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0

Rasmus Hansson er ein norsk organisasjonsleiar, biolog, forskar, miljøaktivist og politikar for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG). Han var stortingsrepresentant frå Oslo i periodane 2013–2017 og 2021–2025.

Bakgrunn

Rasmus Hansson er fødd i Oslo. Han tok examen artium ved Persbråten gymnas i Oslo i 1973, blei cand.mag. med faga biologi og kjemi ved Universitetet i Oslo i 1977 og cand.real. ved Universitetet i Tromsø i 1981. Hansson har gradual certificate i «Business administration» og graduate diploma i «International politics» frå La Trobe University i Melbourne, Australia i 1999.

Hansson arbeidde som konsulent i Miljøverndepartementet 1982–1984, hadde ulike stillingar ved Norsk Polarinstitutt 1984–1997, ved Universitetet i Oslo i 1994–1997 og var avdelingsdirektør for miljøvernprogrammet til Norad 1997–1999. Hansson var generalsekretær for WWF Noreg 2000–2012 og dagleg leiar ved CIENS (Forskingssenter for miljø og samfunn) i 2012–2013. Han var frå 2018 til 2021 dagleg leiar i Handelens Miljøfond.

Politisk karriere

Rasmus Hansson hadde ingen partipolitisk erfaring då han blei stortingskandidat for MDG i 2013, og han vart den fyrste og einaste stortingsrepresentanten for MDG i 2013–2017. Han var medlem av kontroll- og konstitusjonskomiteen og energi- og miljøkomiteen. Ved valet i 2017 stilte han i Akershus, men nådde ikkje opp. Han stilte som andrekandidat for Oslo ved stortingsvalet i 2021 og vart igjen vald inn som representant for perioden 2021–2025 og medlem av næringskomiteen. Han tok ikkje attval i 2025.

Hansson vart òg nasjonal talsperson for MDG i perioden 2014–2018.

Miljøengasjement

Hansson var aktiv i miljørørsla sidan ungdomen og var mellom anna ein sentral aktivist i Alta-saken. Han har skrive ei rekkje artiklar om natur- og miljøvern, og dei politiske fanesakene til Hansson har vore å skape ei berekraftig utvikling for miljøet, der mellom anna artane i Arktis vil overleve. Han har òg uttalt at klimakvoter ikkje vil gi nokon klimaeffekt. Han har vore med på å gi både partiet MDG og radikal miljøpolitikk sakleg tyngde i den politiske debatten. Som talsperson for MDG ville han dessutan arbeide for å bremse forbruket og den økonomiske veksten.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg