Normann skreiv til saman 18 bøker, dei fleste med nordlandsk motivbakgrunn, formidla på riksmål, men med hyppige innslag av vesterålsk talemål.
Forfatterskapen kan delast i tre faser ut frå sjangertrekk og tematisk innhold. Den første fasen, 1905–1908, omfattar to realistiske samtidsromanar og ein samling forteljingar. I midtfasen, 1910–21, blei fem samtidsromanar og to historiske romanar publiserte, samt ei barnebok og eit skrift med patriotiske tekster til ungdommen. Sluttfasen, 1922–34, omfatter seks bøker med eventyr, sagn og fortellinger.
I byrjinga av forfattarskapen teiknar ho eit mørkt bilete av landskap og levekår, noko som braut med den idylliserande måten å skildre landsdelen på. Rundt 1920 blei den sosialrealistiske stilen erstatta med eventyr og tradisjonsstoff.
Ein gjennomgåande tematikk i forfatterskapet er knytt til tap – tap av foreldre, tap av kjæreste og tap av barn. I begynnerfasen av forfatterskapet er tapet direkte og sterkt fremstilt, i midtfasen med noe større distanse og i sluttfasens eventyrtekster er det abstrahert.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.