Roald er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne (H)ró-aldr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ære’ og etterleddet ‘herskar’. Etterleddet -aldr går tilbake til -valdr.
Roald (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Roald
Eit utval personar med namnet Roald, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Roald Amundsen (1872–1928)
- Roald Larsen (1898–1959)
- Roald Storsletten (1915–1991)
- Roald Dahl (1916–1990)
- Roald Aasmund Bye (1928–2003)
- Roald Aas (1928–2012)
- Roald Kyllingstad (1942)
- Roald «Kniksen» Jensen (1943–1987)
- Roald Sturla Næss (1949)
- Sven-Roald Nystø (1956)
Namnestatistikk
I 2022 var det 2 674 menn i Noreg som hadde Roald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 4 gutar som fekk namnet Roald.
Utvikling i bruk av namnet
Roald Amundsen (1872–1928) nådde Sørpolen 14. desember 1911, og denne bragda sette også spor etter seg i namngivinga, for i 1912 fekk Roald eit kraftig løft. I 1928 forsvann Amundsen sporlaust under ein flytur frå Tromsø til Svalbard. Det som er spesielt i namnesamanheng, er at namnet Roald etter denne tragiske hendinga fekk ei sterkt oppsving. Det kan mellom anna henge saman med at folk ei tid etterpå hadde ei von om at han kunne ha overlevd i arktiske farvatn.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Roald var klart mest brukt i Sør-Trøndelag. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Roal.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.