Solveig er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Sǫl-veig. Forleddet tyder ‘hus, sal’. Etterleddet -veig tyder truleg ‘styrke, dugleik’ eller ‘stridande, stridsfør’.
Solveig (kvinnenamn)
Personar med namnet Solveig
Kulturell bruk
- Solveig i «Peer Gynt» (1867) av Henrik Ibsen.
- «Solveigs sang» frå scenemusikken til «Peer Gynt» (1874–1875) av Edvard Grieg.
Kjende personar med namnet Solveig
Eit utval personar med namnet Solveig, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Solveig Wiik (1908)
- Solveig Christov (1918)
- Solveig Muren Sanden (1918)
- Solveig Bergslien (1919)
- Solveig Lønne Christiansen (1930)
- Solveig Aareskjold (1949)
- Solveig Fiske (1952)
- Solveig Torsvik (1954)
- Solveig Kringlebotn (1963)
- Solveig Horne (1969)
- Solveig Kloppen (1971)
- Solveig Slettahjell (1971)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Solveig som var på topp 1920–1924.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Solveig var klart mest brukt i Kristiania og Bergen. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også éin eller fleire stavevariantar, til dømes Solvei.)
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer 1994: Opphavet til trøndernamnet [Sollaug]. [Namn og Nemne 11].
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.