Tordis er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Þor-dís. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘dis; kvinne’.
Tordis (kvinnenamn)
Personar med namnet Tordis
Kulturell bruk
- Tordis Ravn i «En dag i oktober» (1931) av Sigurd Hoel.
Kjende personar med namnet Tordis
Eit utval personar med namnet Tordis, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Tordis Maurstad (1901–1997)
- Tordis Ørjasæter (1927)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 447 kvinner i Noreg som hadde Tordis som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Tordis og Thordis slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp i perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Dette gjeld også Tordis som var mest brukt 1925–1929. Stavevarianten Thordis var på topp litt tidlegare (1910–1919). Sidan år 1900 har Tordis vore brukt nesten fem gongar meir enn Thordis.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Tordis var mest brukt i Kristiania og Aust-Agder.
Tordis var mest brukt i Kristiania og Aust-Agder. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thordis.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.