Torleiv er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Þor-leifr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Tor. Etterleddet tyder ‘arving, etterkommar’.
Torleiv (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Torleiv
Eit utval personar med namnet Torleiv, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Torleiv Olavsson (1400–1455)
- Torleiv Stadskleiv (1865–1946)
- Torleiv Hannaas (1874–1929)
- Torleiv Moren (1911–2009)
- Torleiv Bjørgum (1921–1990)
- Torleiv Austad (1937)
- Torleiv Breiskjegg (–1191)
Namnestatistikk
I 2022 var det 363 menn i Noreg som hadde Torleiv som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Torleiv høyrer til ei stor gruppe samansette nordiske namn som hadde toppfasen sin i kortare eller lengre tid innanfor perioden 1890–1969. I tillegg til Torleiv, som var på topp 1910–1929, gjeld dette til dømes variantane Torleif og Thorleif og dessutan Arnfinn, Arnulf, Asbjørn, Dagfinn, Gudmund, Jostein, Kolbjørn, Oddbjørn, Oddvar, Ragnvald, Sigmund og Torbjørn.
Geografisk variasjon på 1800-talet
Torleiv var mest brukt i Buskerud, Aust-Agder og Troms. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thorleiv.)
Les meir i Store norske leksikon
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.