Forholdet til fosterbroren Torgeir påverka Tormods liv, sidan fosterbrør hadde hemnplikt etter kvarandre. Torgeir vart dømd fredlaus for drap på Island. Han reiste til kong Olav den heilage i Noreg og vart hans hirdmann. Kongen sende han etter ei tid attende til Island for å utføre ein hemn, men Torgeir vart sjølv drepen.
Etter dette reiste Tormod til kong Olav. Eldste saga, Legendariske saga og den såkalla Tormodståtten, som er innarbeidd i Flateyjarbók, seier at Tormod først kom til kong Knud i Danmark. Desse kjeldene gjev eit noko anna bilete enn Soga om fosterbrørne av det første møtet mellom kong Olav og Tormod. Etter desse kjeldene nekta Tormod å vike plass for kongsskipet i ei hamn, drap ein av kongens menn og hoppa opp på kongsskipet. Han vart fanga, og kongen gav ordre om å drepe han. Som svar på spørsmålet om kvifor han bar seg så vitlaust åt, svarte Tormod at han gjerne våga livet for å kome i kongens vald, og kongen gav han livet. Soga om fosterbrørne fortel berre at Tormod drog til kong Olav etter at Torgeir var død. Men alle kjeldene fortel at Tormod vart skald og hirdmann hjå kong Olav den heilage.
Etter eit opphald hjå kongen reiste Tormod til Grønland for å hemne fosterbroren. Etter tre strabasiøse vintrar på Grønland, der Tormod tok hemn over Torgeir, reiste han attende til kong Olav. Han vart med kongen til Gardariket og attende til Noreg i 1030, der han fall i slaget på Stiklestad.
Tilnamnet Kolbrunarskald fekk Tormod fordi han dikta kjærleiksviser til ei kvinne som vart kalla «Kolbrun» fordi ho hadde svarte augnebryn. Dette kvadet, Kolbrúnarvísur, er ikkje overlevert. I Soga om fosterbrørne og i ulike kongesoger er det overlevert i alt 40 skaldestrofer som er tileigna Tormod. I Soga om fosterbrørne finst det 15 strofer som har tilhøyrt ei ervedråpa over fosterbroren, Þórgeirsdrápa. Resten av strofene er lausaviser, og åtte av dei fortel om slaget på Stiklestad.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.